Mørkets hjerte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mørkets hjerte


Opph. Heart of Darkness

Mørkets hjerte

Forfattar Joseph Conrad
Sjanger Roman
Utgjeve 1902
Forlag Gyldendal Norsk Forlag
Kagge forlag
Omsetjar Sigurd Hoel (1929)
Bjørg Hawthorn (2002)
Sider 140
ISBN 82-489-0225-0

Mørkets hjerte (engelsk Heart of Darkness) er ein roman som er skriven av den polsk-britiske forfattaren Joseph Conrad, utgjeven i 1902, publisert første gong som ein tredelt serie i Blackwood's Magazine i 1899. Romanen er sterkt inspirert av røynslene Conrad gjorde som kaptein på ein elvebåt i Fristaten Kongo åtte år tidlegare. Romanen har inspirert ei lang rekkje filmmakarar, forfattarar, musikarar og andre kunstnarar.

Orson Welles var den første som forsøkte å filmatisera boka, men gav opp på grunn av usemje om budsjettet med filmselskapet RKO Pictures. I 1979 kom Francis Ford Coppolas film Apokalypse nå!, der manuset er basert på Mørkets hjerte, men historia flytta til Vietnamkrigen.

Kritikk for rasisme[endre | endre wikiteksten]

Joseph Conrad har blitt karakterisert som rasist av den nigerianske forfattaren Chinua Achebe på grunn av måten han fremstilte afrikanarar på i Mørkets hjerte. Achebe hevdar at Conrad fremstiller afrikanarar som «avhumaniserte og degraderte», og som primitive menneske nærast utan språk. Mange litteraturforskarar meiner derimot at boka inneheld ein sterkt kritikk av kolonialismen. Conrad skildrar framferda til europearane og overgrepa mot lokalbefolkninga på en måte som til då var svært sjeldsynt. [1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Tilvisingar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jakob Lothe, føreord til norske omsetjinga frå 2002:10.