Chinua Achebe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Chinua Achebe - Buffalo 25Sep2008 crop.jpg

Chinua Achebe, fødd som Albert Chinualumogu (16. november 193022. mars 2013) var ein nigeriansk forfattar, lyrikar og kritikar. Han er mest kjend for den første romanen sin, Things Fall Apart frå 1958, som handlar om avkolonialiseringa av Afrika etter andre verdskrigen og vert rekna som den mest lesne boka i moderne afrikansk litteratur.

Achebe voks opp i ein kristen familie i igbolandsbyen Ogidi. Han utmerkte seg på skulen og vann eit stipend for høgare utdanning. Medan han gjekk på universitetet, tok han til med å skriva forteljingar. Då han var ferdig å studera flytta han til storbyen Lagos, der han i 1954 vart tilsett i Nigerian Broadcasting Service. Han jobba der fram til rett før Biafrakrigen braut ut i 1967 Under krigen jobba han innan Biafra sitt diplomati.

I 1962 vart Achebe den første redaktøren for African Writers Series, som vert gjeven ut av det britiske forlaget Heinemann. Han hadde ein omfattande akademisk karriere, og heldt stillingar ved universitet i Nigeria og i Sambandsstatane. Han var professor i språk og litteratur ved Bard College i delstaten New York.

Etter debutboka gav Achebe ut fleire bøker, nokre av dei viktigaste er No Longer at Ease (1960), Arrow of God (1964), A Man of the People (1966) og Anthills of the Savannah (1987) og novellesamlinga Girls at War (1972). Nokre av bøkene hans er omsette til norsk. Han vart rekna for å vera ein av dei viktigaste intellektuelle nigerianarane og har skrive både litterære og politiske essay, m.a. The Trouble with Nigeria i 1983. Han var òg ein av dei fremste barnebokforfattarane i Afrika.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]