Gyldendal Norsk Forlag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Forlaget har bygd seg nytt hovudkontor på tomta mellom Sehesteds gate (Sehesteds plass) og Universitetsgata i Oslo ved å rive bygningane for det gamle hovudkontoret, men slik at fasadeveggane mot dei to gatene vart teke vare på som eit ytre skal. Huset er teikna av arkitekt Sverre Fehn, og vart teke i bruk i 2007. I den såkalla Ibsen-hallen vart det reist ein kopi i full storleik av fasaden på den bygningen i København som hadde hysa Gyldendal i forlagets fyrste tid.
Foto: Hans A. Rosbach.

Gyldendal Norsk Forlag AS (OSE: GYL) vart oppretta i 1925 med at det danske forlaget Gyldendalske Boghandel, Nordisk Forlag overdrog sine norske rettigheiter og selde aksja sine i den norske avdelinga til eit norsk selskap. Det førte til at utgjevingane til forfattarar som Henrik Ibsen, Bjørnstjerne Bjørnson, Jonas Lie og Alexander Kielland vart overførte til eit norsk forlag. Forlaget er eit av Noregs største forlag.

Saman med H. Aschehoug & Co (W Nygaard A/S) eig Gyldendal

Gyldendal Norsk Forlag overtok skulebokavdelinga i Fabritius forlag i 1982, Tiden Norsk Forlag i 1991, Ad Notam i 1992 og Forlaget Yrkesopplæring i 1999. I 1999 overtok Gyldendal Norsk Forlag saman med Aschehoug Universitetsforlaget.

Direktørar[endre | endre wikiteksten]

I 2000 omorganiserte dei konsernet Gyldendal ASA og forlagsverksemda er no samla i Gyldendal Norsk Forlag AS og i det selskapet inngår no forlaga Gyldendal, Gyldendal Akademisk, Gyldendal Fakta, Gyldendal Rettsdata, Gyldendal Barn & Ungdom, Gyldendal Undervisning, Gyldendal Yrkesopplæring, Tiden Norsk Forlag AS og imprinten Kolon Forlag. Geir Mork har frå 2000 vore konsernsjef i Gyldendal ASA.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Nettsidene til Gyldendal