MESSENGER
MErcury Surface, Space ENvironment, GEochemistry and Ranging, forkorta MESSENGER, er ein NASA-sonde skote opp 3. august 2004 og bygd for å studera Merkurs omgjevnadar frå krinsløp rundt planeten. Romsonden skal karaktisera den mineralske samansetninga til merkuroverflata, den geologiske historia til planeten, naturen til magnetfeltet, storleiken på og forholda i planetkjernen, leita etter flyktige stoff ved polområda og studere naturen til eksosfæren og magnetosfæren over ein periode på èit jordår. [1] Ferda var den første til Merkur på over 30 år - den førre ferda til Merkur var Mariner 10, som avslutta oppdraget ved Merkur i 1975. [2]
Namnet til sonden kjem av at guden Merkur, som var opphavet til Merkur sitt namn, var dei romerske gudane sin bodbringar. [3]
Innhaldsliste |
Fyrste nærpassering [endre]
Den 14. januar 2008 fann Mercury Flyby 1 stad med ein minsteavstand på 200 km. Under passeringa vart område som hittil var ukjente fotografert. I tillegg vart det òg tatt UV- og IR-skanningar og lasermålingar.
Viktige datoar [endre]
- 3. august 2004: oppskyting frå Jorda
- 2. august 2005: passering av Jorda
- 24. oktober 2006: passering av Venus
- 5. juni 2007: andre passering av Venus
- 14. januar 2008: fyrste nærpassering av Merkur
- 6. oktober 2008: andre nærpassering av Merkur
- 29. september 2009: tredje nærpassering av Merkur
- 18. mars 2011: baneinnsetjing
Kjelder [endre]
- ↑ http://messenger.jhuapl.edu/why_mercury/index.html
- ↑ http://nssdc.gsfc.nasa.gov/nmc/masterCatalog.do?sc=1973-085A
- ↑ http://messenger.jhuapl.edu/faq/faq_mission.html#1