MF «Bilfergen»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Bilfergen» i Ålesund i 2010
«Bilfergen»

MS «Bilfergen» er eldste bilferja i Noreg. Ho vart bygd ved Nerhus verft i Ølve i Hardanger i 1922.

kjølen vart strekt var det meininga at båten skulle verte ein fiskekutter. Under vegs i bygginga overtok A/S Aalesund Færgeselskap og bygde båten ferdig som bilferje. Lasterommet vart innreidd som salong. Dekket vart tillag for å ta fire bilar som skulle takast om bord og setjast i land tverrskips. Rekke og skansekledning kunne takast ned og flyttast når ferja låg til kai. I tillegg var det plass til ein motorsykkel med sidevogn. Etter at «Bilfærgen», som ho opphavleg heitte, hadde fått innsett ein tosylindra Bolindermotor frå 1916, vart ho sett inn på strekninga Vestnes - Åndalsnes sommaren 1922. Det økonomiske tapet på denne ruta vart så stort t ho vart innstilt same året. Aalesund Færgeselskap leigde ferja ut til Møre Fylkes Ruteselskap, som sette henne inn i sommartrafikk mellom Hellesylt og Geiranger.

I 1925 kjøpte dette reiarlaget ferja. Ho vart sett i rute mellom Vestnes og Molde.Det vart bygt større dekshus med betre forhold for dei reisande. Bilkapasiteten vart redusert frå fire til tre. I 1931 vart namnet endra frå «Bilfærgen» til «Bilfergen».

I 1934 vart ferja ombygd. Dekket vart forlenga og fekk form som hangardekk. Bildekket vart gjennomgåande frå for til akter og kapasiteten vart auka til fem bilar. Samtidig vart den lange kutterhekken endra for å verte brei nok til om bord- og ilandkøyring.

I november 1940 vart «Bilfergen» rekvirert av tyske okkupasjonsstyrkar og brukt til transport langs Vestlandskysten. Etter krigen vart ho sett inn att i ulike ruter i Møre og Romsdal.

Fleire og større bilar gjorde at ferja måtte ombyggjast på nytt. Det var i 1954. Då fekk ho mellom anna nytt rorhus. Møre og Romsdal Fylkesbåtar, som eigarselskapet no heitte, tok «Bilfergen» ut or rutetrafikk i 1959. Ho vart seld til Sund kommune i Hordaland i 1960, og overteka av Øygarden & Sotra Rutelag i 1961. Etter omfattande reparasjonar vart sett i rute mellom Tofterøy og Steinsland, ei strekning på om lag 200 meter. Her gjekk ho til i 1972. Då vart ho ikkje klenger godkjend av skipskontrollen. I staden for å verte senka vart ho i 1975 overteken av Søndeled Veteranskibsklubb i Risør, ei foreining som vart skipa for å ta vare på ferja. Dei gav ho tilbake utsjånaden frå 1934. I 1999 kom «Bilfergen» attende til Møre og Romsdal Fylkesbåtar, som no tek hand om ho. Frå 2006 til 2009 vart ho fornya ved Hardanger Fartøyvernsenter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]