Geiranger
Geiranger er ei bygd i Stranda kommune. Ho ligg inst i Geirangerfjorden, ein sidearm av Storfjorden i Møre og Romsdal. Namnet kjem truleg av norrønt geirr som tyder spyd og angr som tyder fjord. Frå gamalt kalla folk i bygda heimplassen sin for «Gjørångjin». Bygda er omgjeven av bratte fjell, som - i tillegg til fjorden - har gjort ho til eit av dei mest vitja turistmåla i landet. Lonely Planet har kåra Geiranger til det beste reisemålet i Skandinavia. Geiranger- og Nærøyfjorden vart i 2005 med på verdsarvlista til UNESCO. I 2006 vart desse to landskapsområda rangert som dei best bevarte av alle UNESCO-stadane av National Geographic. Årleg vitjar 150-200 cruiseskip Geiranger, noko som gjer bygda til ein av dei største cruisehamnene i Noreg. Folketalet i Geiranger er omkring 240 fastbuande og dei fleste er sysselsette med turisme. Sommarstid syner utrekningar at så mykje som 700 000 gjester kan ha vitja Geiranger, noko som gjer bygda til ein av dei aller største turistattraksjonane her til lands.
Innhaldsliste |
[endre] Attraksjonar
Kjende attraksjonar er byggverka Geirangervegen og Ørnevegen, utkikkspunkta Flydalsjuvet, Ørnesvingen og Dalsnibba, og ikkje minst sjølve fjorden med fossefalla Bruresløret, Friaren og Dei sju systrene. Oppe i ein sidedal finn vi Storsæterfossen, ein foss det er mogeleg å gå bak og la vatnet fosse framføre seg. Geiranger kyrkje er ei åttekanta trekyrkje frå 1842, lokalisert like ovanfor sentrumsgarden Maråk. Ein annan gamal gard er Vinje med ein gravhaug frå Vikingtida. Elles er garden Gjørva av dei eldste, då garden i mellomalderen låg under Bakke kloster i Nidaros. I Geiranger ligg Norsk Fjordsenter der vi kan få god innsikt i fjordkulturen, mellom anna livet slik det var på dei mange gardane i Storfjorden som no er fråflytta. Mest kjende av desse fjordgardane er nok Skageflå og Knivsflå. I fjella kring Geiranger kan vi finne såkalla bogestøer, altså stader der steinalderfolk låg med pil og boge for å skyte rein. Desse bogestøene ligg slik til på fjelltoppane at dei truleg vart bygde då isen låg mellom fjella under sist istid. Dette kan tyde på at desse støene er eldre enn pyramidane - og såleis av dei eldste byggverk vi har. Geiranger har vore til stor inspirasjon for kunstnarar. Til dømes er songen "Å Vestland, Vestland" skriven i bygda. Her har vore mange kjende forfattarar og målarar, både frå inn- og utland. Likeeins har mange kongelege funne vegen hit.
[endre] Servicetilbod
Geiranger har mange campingplassar og hytter og dertil fleire hotell med god standard, mellom desse er Union Hotell og Hotell Geiranger. Hotell Geiranger er det hotellet som er ligg nærast fjorden og livet i sentrum. Union ligg høgare oppe med betre utsyn over fjorden og fjella ikring. Standarden er nok høgast på Hotell Union, som også er det einaste hotellet som har (tilnærma) heilårsope. Grande Fjordhotell, Villa Utsikten og Djupvasshytta tilbyr også overnatting og mat. Dertil er det nokre private som leiger ut rom. Men sommarstid kan det vere vanskeleg å finne noko ledig seint om kvelden, så det kan løne seg å tinge rom. Det er mange tilbod til turistane i Geiranger. Det kan nemnast oppmerka fjellstiar (råser), frakt av folk og syklar til fjelltoppen Dalsnibba 1497 høgdemeter over havet (sykkelturen ned er fantastisk i fint ver), båtutleige, sightseeing på fjorden med meir. Serveringsstad med sal av tradisjonsrik norsk mat vantar, diverre. Men mett vert ein på dei mange serveringsstadane, til dømes Olebuda eller Naustkroa. Det fins elles mange suvenirbutikkar - og ei daglegvareforretning. Kvart år vert det arrangert eit stort idrettsstemne Frå fjord til fjell, som inneheld halvmaraton, miniton, marsj og sykkelritt som går frå sentrum i bygda til toppen av Dalsnibba.
[endre] Vegar til Geiranger
Geiranger har på sommaren ferjesamband til Hellesylt. Om lag 25 km frå Geiranger over Ørnevegen kjem vi til Eidsdal der vi kan lett kome oss til Valldal og vidare til turistattraksjonen Trollstigen. Frå Eidsdal er det ikkje langt til Standa og Ålesund (med flyplassen Vigra). Når Geirangerfolk skal til «byen», er det til Ålesund dei meiner. Frå Geiranger er det veg, Geirangervegen, austover mot Grotli, Skjåk og Lom eller sørvestover til Stryn og Nordfjord. Om summaren går Hurtigruta innom Geiranger på nordgåande. På vinteren er Geirangervegen stengd, ferja på fjorden går ikkje og Hurtigruta droppar turen inn fjorden. Det einaste sambandet til bygda som er open heile året er vegen til Eidsdal.