Åndalsnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Åndalsnes
Åndalsnes from the sea.jpg
Geografi
Kommune Rauma
Fylke Møre og Romsdal
Folkemengd[1] 2 264 (2012)
Folketettleik 838,5 /km²
Areal[1] 2,7 km²
Annan informasjon
Ferdselsårer Stamvei E136.svg  63 64
Raumabanen
Postnummer 6300 ÅNDALSNES
Innbyggjarnamn åndalsnesing
Preposisjon Åndalsnes
Kart
Åndalsnes (Møre og Romsdal)
Åndalsnes
Åndalsnes
62°34′3″N 7°40′53″EKoordinatar: 62°34′3″N 7°40′53″E
Utsyn over utløpet til Rauma frå Kjerringplassen

Åndalsnes er ein by og administrasjonssenter i Rauma kommune i Møre og Romsdal med 2 264 innbyggjarar (2012). Byen er omkransa av høge fjell oppimot 1800 moh, med Trolltindan, Venjetindan og Romsdalshorn som dei mest markante.

Åndalsnes ligg attmed utløpet av elva Rauma i Romsdalsfjorden og er eit viktig kommunikasjonssenter med mykje industri, mellom anna møbel-, tekstil-, klednings-, plastvare- og verkstadindustri. Byen har også stor turisttrafikk og er eit senter for fjellklatring. Åndalsnes er endepunkt for Raumabanen, som går til Dombås, der han er knytt til Dovrebanen. E 136 går frå E 6 ved Dombås og ned Romsdalen til Åndalsnes, der vegen går vidare til Ålesund. På Åndalsnes er det vegkryss der fylkesveg 64 går vidare til Molde.

Åndalsnes Avis er lokalavis og kjem ut tre gonger i veka.

Historikk [endre]

Namnet Åndalsnes er samansett av gardsnamna Åndal og Nes, truleg sette saman første gong då poststaden Aandalsnæs opna i 1888. Tolkinga av Åndal er usikker, truleg Åmdal etter gamalnorsk for rustraud eller mørk.

I 1860-åra vart vegen ned Romsdalen til gardane Åndal og Nes ferdig, og den nye staden Åndalsnes voks fram. Turistskipa valte etter kvart Åndalsnes som hamn og i løpet av 1880-åra voks staden fram som det nye turistsenteret i Romsdal. Tettstaden vart sentrum i indre Romsdal etter at Raumabanaen opna i 1924. Tidlegare var Veblungsnes (på andre sida av Raumas munning) sentrum i distriktet. I 1900 var det over 300 innbyggarar på Veblungsnes, og og 167 på Åndalsnes. Romsdals marked var på Devold til 1820 og vart så flytta til Veblungsnes.[2]

Tidleg i andre verdskrig spelte Åndalsnes ei viktig rolle under felttoget i Noreg 1940. Her vart britiske styrkar landsette 12–17. april. Sentrum av Åndalsnes vart rasert etter tyske bombeangrep ved den tyske invasjonen 23. april 1940. Britane fór frå Åndalsnes 2. mai og la etter seg mykje øydelagt krigsutstyr.

Åndalsnes fekk status som by i 1996, etter vedtak av Rauma kommunestyre.

Kultur [endre]

Åndalsnes har stor tilstrømming av turistar og har cruisehamn med om lag 30 anløp i året. Byen er eit senter for fjellsport, og juli kvart år vert det arrangert Norsk Fjellfestival. Her ligg også Norsk Tindemuseum, som viser utviklinga av norsk tinde- og klatresport. Fleire musikkfestivalar vert arrangert på Åndalsnes, deriblant RaumaRock og Trollblues. Rauma Kulturhus er ein felles kulturell arena for innbyggjarane som stod ferdig den 14. september 2007. Der er det kinosal, bibliotek, framsyningssal og øvingslokale.

Byen har tre skular, Rauma VGS, Åndalsnes Barneskole og Åndalsnes Ungdomsskole.

Galleri [endre]

Sjå òg [endre]

Kjelder [endre]

Fotnotar [endre]

  1. 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2012.
  2. Helland, Amund (1911): Topografisk-statisisk beskrivelse over Romsdals amt. Oslo: Aschehoug.

Bakgrunnsstoff [endre]