Bill Gates

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gates på World Economic Forum i 2007.

William Henry Gates III (fødd 28. oktober 1955), best kjend som Bill Gates, er ein forretningsmann og programvareutviklar frå USA. Saman med Paul Allen grunnla han verksemda Microsoft, der han i dag er styreleiar og «hovudprogramvarearkitekt». Tidsskriftet Forbes har sett Gates som den rikaste personen i verda, med unntak av statsoverhovud, frå 1993 og fram til 2005. Nettoformuen hans er rekna ut til å vera om lag 46,5 milliardar dollar (2005).

Livsskildring[endre | endre wikiteksten]

Bill Gates blei fødd i Seattle i Washington som son til forretningsadvokaten William H. Gates Sr., og Mary Maxwell Gates, styremedlem i fleire større føretak.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Som barn gjekk Bill Gates på den eksklusive privatskolen Lakeside School, den beste i delstaten, som gav han tilgang på datamaskinar der han kunne utvikla programmeringsevnene sine. På leit etter sterkare maskinar lurte Gates og vennen hans Paul Allen seg inn på datamaskingromma til Universitetet i Washington. Dei blei tekne, men gjorde ein avtale med dei som styrte romma om at dei kunne bruka maskinane mot at dei gav gratis datahjelp til studentar.

Han studerte ved Harvard-universitetet men slutta utan å ta ein grad der. I det første året var han romkamerat med Steve Ballmer, som i dag er administrerande direktør for Microsoft. Som student skreiv Gates saman med Allen den første BASIC-fortolkaren for den første utbreidde personlege datamaskinen, Altair 8800.

Microsoft[endre | endre wikiteksten]

I 1975 grunnla Bill Gates og Paul Allen selskapet Microsoft i Albuquerque i New Mexico. Grunntanken var å selja BASIC-fortolkarar, og Altair kjøpte idéen.

Det kanskje viktigaste punktet i historia til selskapet kom då IBM ville kjøpa operativsystemet DOS av dei til si nye storstating, IBM PC, på 1980-talet. Kort tid etter dukka mange PC-klonar opp på marknaden, og Microsoft nytta den sterke stillinga si til å dominera operativsystemmarknaden.

I 1991 erklærte Bill Gates at selskapet skulle satsa på det novarande flaggskipet Windows.

Gates gav i 2000 opp posten som administrerande direktør i Microsoft til fordel for Steve Ballmer og tok i staden på seg rolla som Chief Software Architect, «hovudprogramvarearkitekt».

Personleg liv[endre | endre wikiteksten]

Bill Gates gifta seg med Melinda French i 1994. Dei har tre ungar: Jennifer Katharine Gates (f. 1996), Rory John Gates (f. 1999) og Phoebe Adele Gates (f. 2002).

Veldedig arbeid[endre | endre wikiteksten]

Ekteparet Gates har lenge interessert seg for å gje pengar til gode føremål, og har mellom anna donert fem milliardar dollar til ei veldedig stifting, den største donasjonen nokon gong av menneske som fortsatt er i live. I 2000 grunnla dei den veldedige stiftinga Bill & Melinda Gates Foundation etter å ha slått saman Gates Learning Foundation og William H. Gates Foundation.

Stiftinga arbeider særleg for kamp mot sjukdom i den tredje verda og utdanning for vanskeleg stilte studentar. Ho har mellom anna gjeve over 100 millionar dollar for å hjelpa ungar som lir av HIV/AIDS, og har sponsa 90 % av WHO-forsøket på å utrydda polioviruset. Stiftinga gjev òg stipend til studentar frå minoritetsgrupper.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Gates har fått to æresdoktorat, eitt frå Kungliga tekniska högskolan i Stockholm i 2002 og eit ved Wasedauniversitetet i Tokyo i 2005.

Han blei adla i mars 2005 av dronning Elizabeth II. Som Knight of the British Empire kan Gates no bruka tittlen KBE etter namnet sitt.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]