Mabus Point

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 66°33′S 93°0′E
Mabus Point
nes
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Queen Mary Land
 - koordinatar 66°33′S 93°0′E
Administrert under Antarktistraktaten
Mabus Point is located in Antarktis
Mabus Point (Antarktis)

Mabus Point er eit nes på kysten av Antarktis som ligg like sør for Haswell Islands, på austsida av McDonald Bay. Det vart først kartlagd av Den australasiatiske antarktisekspedisjonen (AAE), 1911-14, under Douglas Mawson, og kartlagd på ny av G.D. Blodgett i 1955 frå flyfoto teken under U.S. Navy (USN) Operasjon Highjump, 1946-47. Neset vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter kapteinløytnant Howard W. Mabus i US Navy som var offiser på isbrytaren «Edisto». Isbrytaren var særs viktig under Operasjon Windmill då det vart oppretta astronomiske kontrollstasjonar langs denne kysten, 1947-48. Sidan vart den sovjetiske forskingsstasjonen Mirny bygt på Mabus Point.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mabus Point» (innhald frå Geographic Names Information System).