Madaya i Syria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 33°41′16″N 36°06′3″E
Madaya
مضايا
by
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Rif Dimashq guvernement
Distrikt Zabadani-distriktet
Nahiyah Madaya
høgd 1 608 moh
koordinatar 33°41′16″N 36°06′3″E
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

Madaya (arabisk مضايا) er ein liten fjellandsby i Syria, 1400 meter over havet.[1] Han er ein kjend feriestad.[2] Han ligg kring 40 km nordvest for Damaskus i Rif Dimashq guvernement ved Baradasjøen. Madaya får ofte snø om vinteren.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Staden er kjend for det friske kjeldevatnet, fersk frukt og grønsaker og friskt klima. Somrane er tørre og kjølige og mange rike syrarar har ferieheimar i området. Staden har ein stor marknad (souq).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det er gjort funn av romerske graveringar og lekamar i åsane søraust for landsbyen. Somme hevdar at landsbyen går attende til arameisk tid og oppstod samstundes med Damaskus.[treng kjelde]. Madaya var ofte ein stad der opprørar mot styresmaktene søkte tilflukt. Det er sagt at under den islamske erobringa av Syria så var armeen til Khalid Ibn Alwaleed avhengig av hjelparar frå Madaya for å føre armeen hans til Ba'lbak etter Homs og Damaskus fall. I nyare tid, under det franske mandatet i Syria, søkte opprørarar frå Damaskus og andre stader tilflukt i landsbyen og fekk hjelp av dei lokale. [treng kjelde]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]