Damaskus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
دمشق
Andre namn Dimashq; ash-Sham
Horisonten til Damaskus
Flagget til Damaskus
Flagget til Damaskus
Styresmakter
Land Syria
Geografi
Innbyggjarar 1 545 600
Plassering
Plassering av  Damaskus

Damaskus (arabisk: ash-Sham Dimashq) er hovudstaden i Syria. Sjølve byen har omkring 1,6 millionar innbyggjarar (2005), med forstader rundt 2,6 millionar. Ifølgje nokre utrekningar har heile byområdet opp mot 4,5 millionar innbyggjarar.

Omayyademoskeen i Damaskus

Damaskus er ein av dei stadene der det lengst har budd folk samanhengande. Han er nemnd i ei liste over byar erobra av den egyptiske faraoen Thutmosis III om lag 1500 f.Kr. Frå 900-talet f.Kr. var Damaskus hovudstad i eit arameisk rike. På slutten av 700-talet erobra Assyria byen og gjorde Syria til ein assyrisk provins. Byen blir nemnd i Bibelen, og er ein viktig by innan islam som sete for Omayyade-kalifatet.

Gamlebyen i Damaskus vart i 1980 sett opp på verdsarvlista til UNESCO.

Byen har gjeve opphav til namna på damask og damaskusstål.

Bakgrunnsstoff [endre]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Damaskus

Kjelder [endre]