Magdeburgske halvkuler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Teikninga til Gaspar Schott av Otto von Guericke sitt eksperiment med magdeburgske halvkuler.

Magdeburgske halvkuler var eit par store halvkuler laga av kopar med ein diameter på kring 50 cm, og slipt slik at dei passa akkurat til kvarandre. Kantane var smørt inn med feitt og lufta pumpa ut. Det vart då danna eit vakuum inni holrommet, og dei to halvkulene kunne ikkje dregast frå kvarandre, sjølv ikkje med åtte hestar som drog frå kvar si side.

Dei magdeburgske halvkulene vart oppfunnen av den tyske vitskapsmannen og borgarmeisteren i Magdeburg i Tyskland, Otto von Guericke. Det var i 1650 då han hadde funne opp ei luftpumpe. Det første kunstige vakuumet hadde vorte laga nokre år tidlegare av den italienske vitskapsmannen Evangelista Torricelli, og han inspirerte Guericke til å gjere dette eksperimentet. Det var den 8. mai 1654 den dramatiske demonstrasjonen fann stad, føre Riksdagen i Regensburg, med keisar Ferdinand III til stades. 30 hestar – 15 på kvar side – lukkast ikkje å dra halvkulene frå kvarandre. I 1656 gjentok han eksperimentet i Magdeburg – der han òg var borgarmeister – no med åtte hestar på kvar side. I 1663 (nokre kjelder seier 1661) gjentok han forsøket i Berlin, då med 24 hestar.

Krafta som held dei to halvkulene saman er lik trykket på det arealet avgrensa av samanføyinga av halvkulene, i dette tilfellet arealet av ein sirkel med diameter = 50 cm. Det er usikkert kor godt vakuumet var som Guericke laga, men vi må rekne med at luftpumpa hans neppe klarte å dra ut all luft. Likevel skulle trykket vere lik krafta som skal til for å løfte ein bil eller ein liten elefant.

Eksperimentet vart svært populært for å demonstrere prinsippet med lufttrykk, og mange mindre kopiar med magdeburgske halvkular vart laga, og blir òg brukt i dag. Eksperimentet har vorte brukt som motiv på i alle fall to tyske frimerke

Dei originale halvkulene er bevarte i Deutsches Museum i München.

I Magdeburg er det òg ein statue som viser eksperimentet

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Magdeburgske halvkuler