Otto von Guericke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Otto von Guericke
Otto von Guericke portrait.jpg
Otto von Guericke, stikk av Anselmus von Hulle, (1601-1674)
Fødd 20. november 1602
Magdeburg i Tyskland
Død 11. mai 1686 (83 år)
Hamburg i Tyskland
Statsborgarskap tysk
Nasjonalitet tysk
Område Fysikar, politikar
Kjend for Forsking og eksperiment for vakuum

Otto von Guericke (20. november 160211. mai 1686) var ein tysk fysikar.

Han var frå 1627 rådsherre og 1646–1681 borgarmeister i Magdeburg. Guericke konstruerte den første luftpumpa, som han i 1654 demonstrerte for riksdagen i Regensburg med sine magdeburgske halvkuler. Guericke laga òg eit vassbarometer, som han meinte å kunne føresjå uvêr med, og han konstruerte den første elektrisermaskina. Han fann vekta til lufta, og gjorde forsøk med elektrisk fråstøyting. Resultata av forsøka sine skildra han i verket Experimenta Nova som kom ut i sju bind i Amsterdam i 1672.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Otto Von Guericke. (2009, 14. februar). I Store norske leksikon. Henta 8. november 2013 frå http://snl.no/Otto_von_guericke.