Magdeburg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Magdeburg
Magdeburg og domkyrkja frå tårnet på Johanniskirche
Magdeburg og domkyrkja frå tårnet på Johanniskirche
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Magdeburg
Magdeburg is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Sachsen-Anhalt
Ingen
Kreisfri by
Først nemnd i 805
Geografi
Flatevidd
 - By

200,95 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

229 826
  1 144/km²
Koordinatar 52°8′0″N 11°37′0″EKoordinatar: 52°8′0″N 11°37′0″E
Høgd over havet 43 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 39104-39130
Telefon-retningsnummer 0391
Bilnummer MD
Heimeside: www.magdeburg.de

Magdeburg er ein by i Tyskland og hovudstad i delstaten Sachsen-Anhalt med om lag 230 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Elbe og var ein av dei viktigaste mellomalderbyane i Europa. Keisar Otto I, den første tysk-romerske keisaren budde i Magdeburg og vart gravlagd i domkyrkja etter sin død.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kaiser Otto I og kona hans Edit kjem til Magdeburg

Sjølv om det hadde vore busetnadar her i fleire hundreår, vart byen først nemnd i Diedenhof Lovbok som Magadoburg i 805, då keisar Karl den store sikra den litle fiske- og handelsbyen. I 919 bygde kong Henrik I av Tyskland festningsverk her for å forsvare seg mot ungararane og slavarane. I 929 fekk Edvard den eldre si dotter Edit (Editha, Eadgyth) byen i morgongåve etter at ho gifta seg med Otto I. Editha likte byen svært godt og var ofte her, og vart gravlagd i krypten i klosterkyrkja då ho døydde. I 937 var byen sete for ein kongeleg samankomst, og keisaren vende stadig tilbake her. Han gav tienden som slavarar i tre andre festningar betalte til benedikitinarklosteret St. Maurice (seinare domkyrkja). Då han døydde vart Otto I gravlagd i domkyrkja.

Erkebispedømet Magdeburg vart grunnlagd i 968 ved kyrkjemøtet i Ravenna og Adalbert av Magdeburg vart konsekrert som den første erkebiskopen. Det inkluderte bispedøma i Havelberg, Brandenburg, Merseburg, Meissen og Zeitz-Naumburg. Erkebiskopane spelte ei viktig rolle i den tyske koloniseringa av dei slaviske landområda aust for elva Elbe.

På 1000-talet byrja Magdeburg å utvikle seg til eit handelssentrum der det kom kjøpsmenn frå fleire land. I 1118 vart byen nesten øydelagd av ein bybrann.

Magdeburger Reiter frå 1200-talet

1200-talet vart Magdeburg medlem av Hansaen. I lag med Brussel, Antwerpen, Köln, Nürnberg, Lübeck, Padua, Mantova, Cremona, Verona, Piacenza, Milano, Genova, Firenze, Metz og Strasbourg var Magdeburg ein av byane i Det tysk-romerske riket med meir enn 20 000 innbyggjarar. Byen var den første i Europa med ei form for sjølvstyre, kjend som Magdeburger Recht (Magdeburgrettane) og som seinare vart innført av mange andre byar i Aust-Europa. Innbyggjarane var stadig i strid med erkebiskopen og vart nesten heilt sjølvstendig frå han mot slutten av 1400-talet.

I 1524 kom Martin Luther til Magdeburg, der han preika og innførte protestantisme. Reformasjonen vart raskt tatt opp i byen, der Luther hadde gått på skule. Keisar Karl V gjorde fleire gonger den uregjerlege byen fredlaus, som hadde slutta seg til Torgaualliansen og Schmalkaldenforbundet. Då byen ikkje aksepterte Interimen (1548) vart han omleira av kurfyrste Moritz av Sachsen (1550-1551), men vann tilbake sjølvstende sitt. Styret til erkebiskopen vart erstatta av forskjellige administratorarar frå protestantiske dynasti. Dei neste åra fekk Magdeburg rykte som eit senter for protestantisme og var den første store byen som gav ut verka til Martin Luther. Matthias Flacius og partnarane hans skriv sine antikatolske flygeblad og Magdeburger Centurien, der dei hevda at den romersk-katolske kyrkja hadde vorte eit kongedøme for Antikrist.

I 1631 under trettiårskrigen storma keisarlege troppar byen og massakrerte om lag 20 000 innbyggjarar og brann ned byen under plyndringa av Magdeburg. Byen stod imot ei omleiring i 1629 av Albrecht von Wallenstein. Etter krigen hadde byen berre 400 innbyggjarar igjen. Etter freden i Westfalen (1648) vart Magdeburg gjeve til Brandenburg-Preussen som eit delvis sjølvstendig hertugdøme.

Byen overgav seg til franske troppar under napoleonskrigane i 1806 og vart annektert av det franskkontrollerte Kongedømet Westfalen. Kong Jérôme peikte ut Grev Heinrich von Blumenthal som borgarmeister (ein statue av han står framleis i Nordpark). I 1815, etter napoleonskrigane, vart Magdeburg hovudstad i den nye prøyssiske provinsen Sachsen. I 1912 vart dei gamle festningane rive ned.

Under den andre verdskrigen vart Magdeburg nesten heilt øydelagd av allierte brannbomber. Byen vart den tyske byen som vart nest hardast råka, etter Dresden. Amerikanske og sovjetiske troppar okkuperte byen, men amerikanarane forlet byen til sovjetisk forvalting.

Etter krigen vart berre bygningane nær domkyrkja bygd opp att. I 1990 vart Magdeburg hovudstad i den nye delstaten Sachsen-Anhalt i det gjenforente Tyskland. Sentrum av byen vart bygd om i ein moderne stil.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Magdeburg

Kjelde[endre | endre wikiteksten]