Det vonde auget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ei vond ånd (kakodaimon) og «det vonde auget» i ein romersk mosaikk frå 2. hundreåret e.Kr. Den hakkande, svarte ramna, sverdet, skorpionen, skolopenderen, ormen og dei to dyra kring «det vonde auget» symboliserer vonde krafter. (Antakya Museum, Antakya, Tyrkia).

Det vonde auget, det vonde eller drepande blikket, er den makta eller evna som folk i ulike kulturar trur at levande eller døde menneske, dyr, guddommar eller ånder, har til å kunne skade menneske eller dyr ved berre å sjå på dei.

Gesten «corna» eller «mano cornuta» til hjelp mot «det vonde auget»

Redsla for slike krafter finn ein verda over i både gamal og ny tid, ikkje minst i folketrua, men òg i religionar, og er av urgamalt opphav. Det vonde auget er mellom anna eit fenomen kjend frå sumerske, babylonske, assyriske, jødiske og kristne skifter (Bibelen). I folketrua vert vanlegvis kvinner som står brud, svangre kvinner, små born, og dessutan husdyr, rekna for særs sårbare og utsette for det vonde auget.

Trua på det vonde auget gjev seg til kjenne i dei skikkane, rituala, symbola og gjenstandane som vert rekna som egna til å hindre eller avleie dei vonde kraftene. Slike vernande gjenstandar eller symbol kan vere av ulik art, anten til å bere på seg (amulettar, talismanar), eller til å plassere på utvalde stader inne eller ute. Til dømes kan ein slags godskapens auge, eller eit guddommeleg auge, syte for motkrafta eller vernet, måla på husfasadar eller i baugen av båtar, eller utforma som amulettar i keramikk eller anna materiale. Meir eller mindre groteske masker på husfasadane kan ha same oppgåva.

Symbola er ofte ulike frå kultur til kultur, og dei kan kombinere det vernande med det lukkebringande. I landa rundt Middelhavet er gesten corona (italiensk for horn), eller mano cornuta (hand med horn), rekna som ei verksam hjelp mot det vonde auget. Gesten har opphav i antikkens Hellas.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Magi

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Ulmer, Rivka. 1994. The evil eye in the Bible and in rabbinic literature. KTAV Publishing House, Inc. ISBN 978-0-88125-463-1