Magna Carta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein utgåve av Magna Carta frå 1225.

Magna Carta, latin for Det store papiret, bokstavleg tala, er eit engelsk charter frå 1215 som avgrensa makta til dei engelske monarkane, i dette tilfellet kong Johan, slik at dei ikkje fekk absolutt makt (einevelde, absolutisme). Magna Carta var resultatet av usemjer mellom paven og kong Johan og baronane hans over rettane til kongen. Magna Carta kravde at kongen gav frå seg visse rettar og respekterte visse juridiske prosedyrer, og at han godtok at makta til kongen kunne bindast av lova. Magna Carta blir av mange sett på som første steget i ein lang historisk prosess som leidde til konstitusjonelt styre.

Den viktige retten i den engelskspråklege verda om at ingen frie menn kan straffast utan å bli dømt av likemenn (ein jury) etter lovane i landet sitt kjem frå Magna Carta.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]