Mahanadi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mahanadi
Elv
none
Namneopphav: Frå Sanskrit maha (stor) og nadi (elv)
Land Flag of India.svg India
Statar Chhattisgarh, Orissa
Region Dandakaranya
Byar Sambalpur, Cuttack, Sonepur, Birmaharajpur, Subalaya, Kantilo, Boudh
Landemerke Satkosia-juvet, Sonapur Lanka, Hookitola-fossane
Kjelde Sihawa
Munning False Point i Odisha
Lengd 858 km

Mahanadi ('Stor elv'[1]) er ei elv i India som renn gjennom dei austlege delstatane Chhattisgarh og Orissa. Ho har utspring i Satpurafjella i Madhya Pradesh sentralt i India og renn austover til munninga i Bengalbukta.[2] Ho er rundt 860 km lang og har eit nedslagsfelt på rundt 141 600 km². Mesteparten av Chhattisgarh, store delar av Orissa og delar av Jharkhand og Maharashtra høyrer til nedslagsfeltet.[2]

Mahanadi i Satkosia.

Mahanadi er oppdemd til vasskraft ved Sambalpur, der Hirakud-dammen som har danna ein 55 km lang kunstig innsjø.[1] Etter dammen renn elva gjennom kløfter i Eastern Ghats før ho renn ut i Bengalbukta gjennom fleire munningar. Ved ein av munningane ligg valfartsbyen Puri.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mahanadi

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Mahanadi River, britannica.com
  2. 2,0 2,1 Rivers of India, nih.ernet.in