Puri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Måleri av Puri under tempelvognhøgtida på 1800-talet.
Stranda i Puri.

Puri er ein kystby i den austindiske delstaten Orissa og ein heilag by i hinduismen. Han er også kjend som Jagannath Puri etter tempelet der vigd Djagannath (Krisjna), og er kjend for den store tempelvognhøgtida si. Ein finn også over hundre andre tempel og Govardhana matha, ein av fire religiøse einingar grunnlagd av reformatoren Sjankara, i byen. Stranda i Puri blir både vitja av pilegrimar og turistar

I tillegg til religiøse høgdepunkt har byen også ein populær strand mot Bengalbukta der ein både kan sjå soloppgang og solnedgang. Det blir halden ein festival her kvart år i november.

Byen var styrt av Marathariket fram til 1803, då Det britiske austindiakompaniet tok over.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Puri
Spire Denne geografiartikkelen som har med India å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.