Satpurafjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Satpura
none  Pachmarhi-dalen i Madhya Pradesh
Pachmarhi-dalen i Madhya Pradesh
Land Flag of India.svg India
Statar Madhya Pradesh, Maharashtra, Chhattisgarh, Gujarat
Elvar Narmada, Mahanadi, Tapti
Topografisk kart over India som viser Satpura-fjella sentralt i landet.
Topografisk kart over India som viser Satpura-fjella sentralt i landet.

Satpurafjella er ei fjellkjede i sentrale India som går frå aust i Gujarat, austover gjennom Maharashtra og Madhya Pradesh til Chhattisgarh. Ho omfattar fjelltoppar som er over 1200 meter høge. Namnet «Satpura» tyder 'sju foldar/fjell'. Nord i Satpurafjella finn ein Mahadeo-åsane. Rajpipla-åsane ligg i vest og Maikala-kjeda i aust.[1]

Chhindwara er ein større by i fjellkjeda. Det finst fleire turistbyar her, som Chikhaldara og Pachmarhi. Nokre er også valfartsstader, som Amarkantak, Toranmal og dsjainstaden Muktagiri.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Fjellkjeda går parallelt med Vindhyafjella i nord, og desse to kjedene skil Gangessletta i nord frå Deccan i sør. Narmadaelva renn i ei senking mellom Satpura og Vindhya, og ber med seg mykje vatn frå nordsida av Satpurafjella til Bengalbukta. Taptielva tek det meste av vatnet frå sørsida og renn ut i Det arabiske havet ved Surat. Mahanadielva ber vatn frå austsida av Satpurafjella. I aust møter Satpurafjella åsane i Chota Nagpur-platået.

Aksishjort i Kanha nasjonalpark.
Tiger gøymer seg i bambus i Kanha nasjonalpark.

Den austlege delen av fjella har mykje meir nedbør enn vest. I søraust finst mangan og kol. Store delar av Satpurafjella var tidlegare skogdekte, men mykje av dette er no blitt hogd. I dei små områda som er att finst fleire store pattedyr, som bengaltiger (Panthera tigris), gaur/indisk bison (Bos gaurus), villhund (Cuon alpinus), leppebjørn (Melursus ursinus), firhornantilope (Tetracerus quadricornis) og hjorteantilope (Antilope cervicapra). Fleire område er verna, som Satpura, Bandhavgarh, Gugamal og Kanha nasjonalpark og tigerreservat, Melghat tigerreservat og Bori og Shoolpaneshwar dyrereservat, medan Pench nasjonalpark ligg like sør for fjella. Det skal vera i områda ved Kanha nasjonalpark at Rudyard Kipling fann inspirasjon til Jungelboka.[2]

Gondfolk som lever her brukte driva svibruk. Det blir elles drive jordbruk i dalane i Mahadeo-åsane.[1] Menneske og ville dyr har ført til konfliktar, og det er gjort fleire forsøk på å flytta folk ut av reservatområda, nokre med meir hell enn andre.[3]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Satpurafjella
  • satpuda.org (miljøvernorganisasjon knytt til fjellkjeda)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Satpura Range, Encyclopædia Britannica (britannica.com)
  2. Come See the Inspiration behind the Jungle Book, india-safaris.com
  3. Ashwin Aghor, Happily uprooted, satpuda.org