Maldiskusjon:1. hundreåret

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skilnaden mellom n-te århundret og n-hundretalet[endre wikiteksten]

Det 1. århundret varte f.o.m. år 1 t.o.m. år 100. Difor bør år 100 vera med i lista i denne malen.
Det 21. århundret varer f.o.m. år 2001 t.o.m. år 2100. Men 2000-talet varer f.o.m. år 2000 t.o.m. år 2099. Difor er det ein smule misvisande når artiklane om n-te århundret berre er omdirigeringar til artiklane om n-hundretalet; år 1900, t.d., høyrer rett nok til 1900-talet, men òg til det 19. århundret.
Er kanskje den enklaste løysinga på problemet denne: at ein i samanhengar der år 1900 skal vera med, berre nyttar forma 1900-talet, og at ein unngår forma 19. århundret i Wikipedia-artiklar viss ein meiner å inkludera år 1900?
--Verdlanco (diskusjon) 25. des 2004 kl. 12:52 (UTC)

Eg har laga to framlegg til form for århundre-artiklar. Anten kan me ha omdirigering frå n-te århundret til n-hundretalet, slik det er no, og ha peikarar til dei einskilde årstala berre frå artikkelen n-hundretalet, sjå 15. århundret/1400-talet, eller me kan ha båe typar (nesten like) årstalslister, sjå 18. århundret/1700-talet. Kva synest de andre er best?
--Verdlanco (diskusjon) 25. des 2004 kl. 21:35 (UTC)

Eg trur det er best at vi held oss mest muleg til ei form, nemleg n00-talet, med unntak av åra mellom -99 og 99 sidan 000-talet kling noko kunstig. Av dei grunnane du nemner er det greitt å ha med -100 og 100 på malane for desse to århundra. Eg liker altså best at 15. århundret blir automatisk omdirigert til 1400-talet. Å operere med 99% identiske parallellsider hørest upraktisk ut. -- Olve 25. des 2004 kl. 22:56 (UTC)
Når det gjeld år som 1900 og 2000, så trur eg det er betre at vi generelt prøver å halde oss mest muleg til 1900-talet-forma ettersom ho er meir intuitiv og lagar mykje mindre rot i oppsettet. -- Olve 25. des 2004 kl. 23:00 (UTC)
Eg likar den siste århundre-malen din, Olve. Det vart bra med grannepeikarar for århundra!
Symbolet >> er forsåvidt greitt nok, men er det ikkje endå finare med symbola og istaden? Kva synest du (og andre)?
--Verdlanco (diskusjon) 27. des 2004 kl. 13:29 (UTC)
For meg ser faktisk >> litt finare ut, men begge går greit, og er kjempenyttige. Me kunne kanskje òg slå til med ørsmå bilete av piler? -- Ranveig 27. des 2004 kl. 15:41 (UTC)
Det ser ut som me fell ned på følgjande løysing for åra etter år 1:
  • Århundre-artiklane frå og med det 2. århundret heiter 100-talet, 200-talet, … , 2000-talet osb.
  • Tilhøyrande århundremal vert inkludert nedst i kvar årstalsartikkel.
  • Kvar århundre-mal inneheld peikarar til hundre årstal , frå xx00 til xx99. Døme: Mal:1800-talet.
  • I tillegg inneheld århundremalane peikarar både til føregåande år og århundre og til påfølgjande år og århundre. Døme: Mal:1. århundret fvt..
  • Me lagar omdirigeringssider for 2. århundret, 3. århundret, … , 21. århundret osb., som peikar til århundre-artiklane (100-talet, 200-talet, …), sjølv om det etter rett er ei forskyving på eitt år mellom 2000-talet og 21. århundret.
  • Artikkelen om det første århundret i vår tidsrekning kallar me 1. århundret, fordi det ikkje er vanleg å seia «0-talet» på norsk.
Er nokon usamde i noko av dette? Viss ikkje, lat oss iverksetja og dokumentera det på ei dertil eigna Wikipedia:-side!
--Verdlanco (diskusjon) 17. feb 2005 kl. 1130 (UTC)

Eg har ingen innvendingar, men me bør òg ha omdirigering frå nn. hundreåret. Ranveig 18. feb 2005 kl. 1913 (UTC)

Ser bra ut dette, ja — med Ranveig sitt tillegg. :-) -- Olve 18. feb 2005 kl. 2114 (UTC)