2000-talet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

< 2000-talet > viser til det noverande hundreåret i den gregorianske kalenderen, som varer frå 2000 til 2099.

Internasjonale tilhøve[endre | endre wikiteksten]

Ved byrjinga av hundreåret var USA rekna som den einaste supermakta etter at Sovjetunionen hadde brote saman, samstundes som tidlegare fattige land som Kina, India og Brasil hadde sterk vekst i økonomi og politisk innverknad. I det første tiåret blei Den europeiske unionen utvida med 12 nye medlemsland, medan Den afrikanske unionen blei grunnlagd i 2002.

Konfliktar[endre | endre wikiteksten]

Den andre Kongokrigen heldt fram. Krigen slutta offisielt i 2003, etter at rundt 3,9 millionar menneske var drepne og 5,5 millionar drivne på flukt, men uro og vald heldt fram i området. Borgarkrigen i Somalia heldt fram, med ei innblanding av Etiopia i 2006-2009.

Darfurkrigen braut ut i Sudan i februar 2003 med massakrar og mishandling av sivile. Ein våpenkvile blei skriven under i februar 2010, men konflikten var ikkje løyst. Konflikten er knytt til borgarkrigen i Tsjad.

Midtausten-konflikten heldt fram med utbrot som Libanonkrigen i 2006.

Konflikten mellom Nord-Korea og andre land, særleg Sør-Korea, fekk utslag i nordkoreanske atomprøvesprengingar i 2006 og 2009 og senkinga av eit sørkoreansk marinefartøy i 2010.

Terrorisme knytt til islamisme, som tidlegare hadde råka land i Asia og Afrika, blei verdsomspennande med åtaka i USA den 11. september 2001. Åtaka førte til at USA erklærte ein «Krig mot terror» og saman med fleire andre land gjennomførte operasjonar i fleire land og invaderte Afghanistan i 2001 og Irak i 2003. Ulike grupper heldt fram med å utføra terroråtak i Asia, Afrika og Europa.

Borgarkrigen på Sri Lanka tok slutt då styresmaktene nedkjempa LTTE i mai 2009 og internerte tidlegare soldatar og sivile tamilar i leirar.

Teknologi og miljø[endre | endre wikiteksten]

Byrjinga av 2000-talet såg ein sterk vekst i bruk av ny teknologi som trådlaus kommunikasjon, særleg mobiltelefonar, og datanettverk, særleg Internett. I 2005 blei det rapportert om over ein milliard internettbrukarar,[1] og i 2008 rekna ein med at 3,3 milliardar menneske, rundt halvparten av alle i verda, brukte mobiltelefon.[2] Digitale media som digitalkamera, lydspelarar med digital audio og til ein viss grad digitalt fjernsyn blei også utbreidde.

Redsle for klimaendringar knytte til menneskelege utslepp av drivhusgassar førte til forsøk på å redusera utslepp ved hjelp av avtalar og teknologi som gjev mindre utslepp. Kyotoprotokollen frå 1997 med verknad fram til 2012 hadde som mål å redusera klimagassutslepp. Klimakonferansen i København i 2009 makta ikkje å få fram ein ny bindande avtale. Teknologiske nyvinningar som ein håper kan redusera utslepp er til dømes el- og hybridbilar.

Oljeutvinning i Mexicogolfen førte til eit særs stort utslepp utanfor kysten av Louisiana etter ein eksplosjon ved oljeriggen Deepwater Horizon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: 2000-talet
<<   2000-talet   >>

<< 2000 | 2001 | 2002 | 2003 | 2004 | 2005 | 2006 | 2007 | 2008 | 2009 | 2010 | 2011 | 2012 | 2013 | 2014 | 2015 | 2016 | 2017 | 2018 | 2019 | 2020 | 2021 | 2022 | 2023 | 2024 | 2025 | 2026 | 2027 | 2028 | 2029 | 2030 | 2031 | 2032 | 2033 | 2034 | 2035 | 2036 | 2037 | 2038 | 2039 | 2040 | 2041 | 2042 | 2043 | 2044 | 2045 | 2046 | 2047 | 2048 | 2049 | 2050 | 2051 | 2052 | 2053 | 2054 | 2055 | 2056 | 2057 | 2058 | 2059 | 2060 | 2061 | 2062 | 2063 | 2064 | 2065 | 2066 | 2067 | 2068 | 2069 | 2070 | 2071 | 2072 | 2073 | 2074 | 2075 | 2076 | 2077 | 2078 | 2079 | 2080 | 2081 | 2082 | 2083 | 2084 | 2085 | 2086 | 2087 | 2088 | 2089 | 2090 | 2091 | 2092 | 2093 | 2094 | 2095 | 2096 | 2097 | 2098 | 2099 >>

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.