Maldiskusjon:TaksoboksLua

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Taksonomidata frå Wikidata[endre wikiteksten]

Framhald frå diskusjonen på Maldiskusjon:Taksonominamn#Modul

Her er eit døme på dei taksonomiske utdataa produsert av ein testmodul gjennom å rekursivt henta klassifiseringsdataa til elgen:

(art, Alces alces)
(slekt, Alces)
(underfamilie, Capreolinae)
(familie, Cervidae)
(infraorden, Pecora)
(underorden, Ruminantia)
(, Cetruminantia)
(, Artiofabula)
(, Cetartiodactyla)
(, Euungulata)
(, Fereuungulata)
(, Scrotifera)
(overorden, Laurasiatheria)
(magnorder, Boreoeutheria)
(magnorder, Epitheria)
(infraklasse, Eutheria)
(underklasse, Theria)
(klasse, Mammalia)
(, Amniota)
(, Reptiliomorpha)
(overklasse, Tetrapoda)
(infrarekkje, Gnathostomata)
(underrekkje, Vertebrata)
(, Craniata)
(, Olfactores)
(rekkje, Chordata)
(infrarike, Deuterostomia)
(, Bilateria)
(underrike, Eumetazoa)
(, Epitheliozoa)
(underrike, Metazoa)
(, Opisthokonta)
(underdomene, Unikonta)
(domene, Eukaryota)
(overdomene, Biota)

Dei tilfella der det berre er eit vitskapleg namn er truleg alle kladar (og kanskje mindre relevante for infoboksen?).

Det dumme med det å henta so mange rangar rekursivt, er at det å henta ein ny rang krev ein sokalla dyr funksjon, og i alt tek den uthentinga åleine t.d. 0,210 sekund, noko som er ein del (til samanlikning er heile CPU-tidsbruken til USA t.d. 0,216 sekund og den gjeldande CPU-tidsbruken til elg t.d. 0,115 sekund. Den gjeldande utgåva av TaksoboksLua nyttar òg gjerne under 0,01 sekund på Lua-køyring (~ 1/20 av tida)). Men sidan malen berre skal brukast éin gong per artikkel, er det kan henda innanfor?

Det finst alt ein taksoboksmodul på Wikidata (døme med nynorsk kall; ser at nokre artar stør parentesar). Den ser òg ut til å nytta rekursjon (trur ikkje det finst andre måtar no), men gjer det mogeleg å velja rekursjonsdjupna (noko som gjev eit noko tilfeldig resultat).

Det ser ut til at artsdatabanken stort sett nyttar rike, rekkje, klasse, orden, familie og slekt for artar; noko som kan vera eit smart utgangspunkt for eit fast rangutval (i tillegg kunne ein kanskje ta med alle andre rangar under rike med norske namn).

Uthenting av kart og andre ting som ligg i elementet til arten er elles ikkje råka av den lange tidsbruken til rekursjonen. --Njardarlogar (ordskifte) 29. juli 2016 kl. 12:59 (CEST)[svar]


@Ranveig: Då byrjar malen å verta godt integrert med Wikidata. Det er nok framleis ein del betringar som kan eller bør gjerast (mellom anna vil malen ikkje takla fleire klassifiseringsforfattarar bra slik han er no), men i hovudsak tenkjer eg malen no fungerer slik han skal med tanke på Wikidata. --Njardarlogar (ordskifte) 2. oktober 2016 kl. 16:26 (CEST)[svar]

Sjå der ja, den ser ut til å verka fint i fleire artiklar som mangla taksoboks. Dette kjem nok til å gjera arbeidet lettare. Fint at det går an å velja om ein vil bruka automatikken eller ikkje - eg har fått ein del feilmeldingar ved tidlegare forsøk, men ikkje no. --Ranveig (diskusjon) 2. oktober 2016 kl. 16:38 (CEST)[svar]
Det er nok berre taksonomidataa frå Wikidata som er mogelege å slå av slik malen er no; men ein naudbrytar som slår av alt frå Wikidata kunne vore ein idé. --Njardarlogar (ordskifte) 2. oktober 2016 kl. 16:47 (CEST)[svar]
Då vil | ingen_Wikidata = ja slå av all automatisk datainnhenting frå Wikidata med mindre det finst motstridande argument. Merk at (det i alle fall er meininga at) argument til malen vil overkøyra data frå Wikidata, slik at argumentet er mest aktuelt når det er feil i sjølve modulkoden. --Njardarlogar (ordskifte) 3. oktober 2016 kl. 10:31 (CEST)[svar]

Om karttekst, framlegg[endre wikiteksten]

  1. Skrifttype, linjeavstand og justering settast som i ei vanleg biletskildring. Sjå Acanthis med utbreiingskart i mini bilete og kart i taksoboksen, Acanthis.
  2. Standard bilettekst bør få namnet på artikkelen (taksonet) i små bokstavar og med liten forbokstav i teksten, sålenge det er norsk. Døme hoatzin (art) bør få karttekst «Utbreiinga av hoatzin». I andre artiklar er det likevel liten forbokstav, døme med norsk namn: koaer (slekt). Om artsnamnet er det vitskaplege skal det vere stor forbokstav. Ikkje eit stort problem sidan ein kan overstyre med karttekst parameter.

--Roar (diskusjon) 19. oktober 2020 kl. 16:54 (CEST)[svar]

Namnet blir henta frå Wikidata om ikkje anna er sagt, så dersom det ligg inne med stor forbokstav der blir han stor også i kartteksten. Det er ein god idé å retta slike feil når ein kjem over dei. Lik formatering for bilete og kart støtter eg. --Ranveig (diskusjon) 19. oktober 2020 kl. 21:15 (CEST)[svar]
Kartteksten i Acanthis ser i alle fall ikkje optimal ut slik han er no. Skal få sett på dette etter kvart om ikkje nokon gjer det før meg. --Njardarlogar (ordskifte) 31. oktober 2020 kl. 13:51 (CET)[svar]
@Ranveig, Roarjo: So vidt eg kan sjå er tekstar under bilete av artsindivid og kart handsama likt i taksoboksen - eg reknar med at ein tenkjer på skilnaden mellom tekstar under biletfiler i sjølve artikkelen og i infoboksen.
Eg ser at Roarjo sette inn venstrestilling av kartteksten i Achantis-artikkelen. Slik venstrestilling kunne ein hatt som standard i infoboksen både for bilettekst og karttekst. Samstundes kan ein spørja seg kor lange tekstar ein eigentleg ein ynskjer å ha inne i infoboksen, og for stutte bilettekstar trur eg ikkje midtstilling er nokon dum idé (jf. teksten til biletet av gråsisiken).
Det går alltid an å gjera manuelle tilpassingar i tekstar, slik som det vart gjort her. Ein kan òg gje infoboksen støtte for argument som seier korleis teksten under einskildfilder skal stilla seg, slik at ein slepp å nytta HTML-element ved overstyring av standard. Bilettekst og karttekst kan òg ha ulik standard tekststilling. --Njardarlogar (ordskifte) 27. mars 2021 kl. 21:13 (CET)[svar]
Eg er einig i at midtstilling er best for korte tekstar. Kva med ein parameter som "kartforklaring" der ein har lengre tekstar eller forklaringsboksar? Eller ein brytar for å ha all karttekst venstrestilt om ein vil. Begge delar verkar greie. --Ranveig (diskusjon) 28. mars 2021 kl. 08:44 (CEST)[svar]

Finst eit eksempel på listeargument?
Ønske: For familietakson, automatisk generert liste av alle slektnamn. Med ein av/på brytar.

--Roar (diskusjon) 19. oktober 2020 kl. 16:54 (CEST)[svar]

Du finn eit døme på ei liste her.
Når denne malen vart laga var det uråd å laga andre lister frå Wikidata enn dei som gjekk oppover i eit hierarki, og eg veit ikkje om at det har endra seg. --Njardarlogar (ordskifte) 20. oktober 2020 kl. 20:06 (CEST)[svar]

Avvik frå andre Wikipedia-versjonar[endre wikiteksten]

Ei stor gruppe fuglar, i dag kalla amerikasporvar, vart skilt ut frå busksporvfamilien for fleire år sidan. Dei andre europeiske språkversjonane fransk, spansk, engelsk, svensk, italiensk, nederlandsk viser amerikasporvar Passerellidae i taksoboksar. Men ikkje nynorsk, sjå t.d. Junco og vinterjunko. Bokmål og portugisisk er òg unnatak. Finst ei forklaring? --Roar (diskusjon) --Roar (diskusjon) 21. oktober 2020 kl. 07:53 (CEST)[svar]

Ser at språkversjonane som viser oppgradert taksonomi for amerikasporvar bygger opp hierarkiet lokalt i taksoboksane. Wikidata har ein struktur slik den var då data vart lasta inn første gongen frå Wikipedia, og etter det har ikkje wd blitt halde ajour med utviklinga i verda utanfor(?) Fram til 'nokon' oppgraderer innhaldet i Wikidata må vi sjølv flikke på omgrepa lokalt slik som her Melozone diff. Tar eg feil, ver snill å gje eit hint. --Roar (diskusjon) 21. oktober 2020 kl. 15:31 (CEST)[svar]
Det er éi løysing som kan verka. Ei anna er å endra foreldertakson i Wikidata med ein god referanse. For Melozone er "Integrated Taxonomic Information System" frå 2007 oppgjeve med vitjingsdato 19. september 2013. Dersom det finst eit nyare system å visa til burde det vera mogleg å endra - dersom ikkje systemet der buttar imot. --Ranveig (diskusjon) 21. oktober 2020 kl. 19:37 (CEST)[svar]
Har lagt inn ein ekstra foreldertakson på Melozone. --Roar (diskusjon) 3. november 2020 kl. 22:49 (CET)[svar]

Fuglar og taksogrupper i hierarki[endre wikiteksten]

Rundt rekna 1350 fugleartiklar har fått mal:taksoboksLua med lesing fra Wikidata, og det inneber endringar

- frå: taksoboksen spegla taksonomien i https://www.birdlife.no/fuglekunnskap/navn/filer/verdensliste_nkf_kun_arter.xls frå navnekomitéen for fugl i NOF. Med innslag av slurvefeil og manglande oppdateringar i taksoboksene.
- til: taksoboksen speglar taksonomien i Wikidata, med diverse manglar

Om den norske namnelista og bruk av «Clementslista» som mal for systematikken i norske namn: [1] Systematikken i Wikidata er truleg samla frå dei store Wikipediane i 2012. Så lenge dei store Wikipediane (engelsk, tysk) ikkje brukar Wikidata som kjelde for sine taksoboksar for fuglar, kan ein ikkje venta at Wikidata blir heldt vedlike / oppgradert i tråd med endringar i dei meste brukte sjekklister som Clementslista og IOC Word Bird List.

Blant dei 1350 fugleartiklane kan det vere opp mot 80-100 artiklar der innhold i taksoboksen ikkje samsvarar med artikkelteksten. Eit døme er Chlorospingus. Om ein vil ha som ambisjon å «rette opp» i taksoboksen ser eg fleire alternativ:

  1. endre i Wikidata > er eit stort prosjekt som krev konsensus frå alle Wikipedia?
  2. kopiere systemet på engelsk Wikipedia der dei opprettar og held vedlike ei bakgrunnside (template) med taksonomi for kvar artikkel som har taksoboks > krev mykje tilretteleggingar, ei kompleks løysing
  3. overskrive i dei artiklane som treng korreksjon, i dømet med Chlorospingus: | familie = Amerikasporvfamilien > kan brukast utan justeringar i skriptet
  4. la skriptet bak taksoboksLua bruke ein oppslagstabell for alle artiklar på arts- og slektsnivå for å fastsetje familie og orden. Tabellen vil da inneholde alle nærmare 2500 slektsnamn med tilhøyrande familie og orden.
    (Døme: Oppslagstabellen Mal:Folkemengd norske kommunar er i dag brukt i mal:Infoboks norsk kommune for å hente fram folketal)
    > gjev full kontroll på gruppeinndeling i hierarki på tre nivå, alle artar gjennom oppslagstabellen. Veit ikkje om det er realiserbart med så stor tabell eller med så stor endring i skriptet.
  5. fleire?

Somme stader kjem det opp 'nye' kategorinivå

  • Kan ein stryke bort eit nivå ein ikkje ønsker? T.d. viss ein ikke ønsker overorden i Natteramnar og seglarfuglar | overorden = ""
  • Slumpmessig? Sjå slekt Tyrannus med infraorden, kotingafamilien med underorden + infraorden. Men ikke gjennomført på alle takson under Tyranni, f.eks. sapayoa. Trur det er usemje om det meste av under- og over- kategoriar, kanskje bortsett frå gruppering av familiane i Passeriformes i 2-3 underordener, Tyranni med 1300+ artar og resten i Passeri.

--Roar (diskusjon) 3. november 2020 kl. 22:49 (CET)[svar]

For å gje eit snøgt svar på det fyrste punktet, so er Wikidata i utgangspunktet eit sjølvstendig prosjekt. WikiProject Taxonomy er prosjektet som rår med taksonomi på Wikidata, og diskusjonssida der er hovudforumet for alt kring taksonomi på Wikidata.
Merk at det er godt mogeleg at ein endar opp med å lagra taksonomiske data på ein annan måte på Wikidata; dette er eit emne som er oppe til drøfting no og då.
Det burde vel vera mogeleg å lagra fleire taksonomiske hierarki samstundes, slik at ein kan velja kva for hierarki ein vil nytta til dømes i ein infoboks. Veit ikkje heilt korleis dette er på Wikidata nett no. --Njardarlogar (ordskifte) 5. november 2020 kl. 19:25 (CET)[svar]