Passeri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Passeri


Fossekall er ein representant for Passeri
Fossekall er ein representant for Passeri

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Underorden: Passeri
Familiarar
  • Ca. 110, sjå tekst

Passeri er ein underorden av sporvefuglar i den biologiske ordenen Passeriformes. Eit anna namn som nokre gonger er brukt er Oscines, frå latinsk oscen, ein songfugl. Denne gruppa inneheld omtrent 4000 artar, syrinx er typisk utvikla for å lage ein variert og forseggjort fuglesong.

Ein trur Passeri utvikla seg frå omtrent 50 millionar år sidan i den delen av Gondwana som seinare vart Australia, New Zealand, Ny-Guinea og Antarktis, før dei spreidde seg rundt om i verda.

Andre fuglar har songar til å tiltrekke makar eller halde territorium, men desse er vanlegvis enkle og repeterande, og manglar variasjonen slik som mange Oscine songarar kan gjere.

Det er usemje om vidare gruppering av taksa innanfor Passeri.

Familieoversyn [endre]

Familienamn, vitskapleg namn og rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.4 frå desember 2009 [1]. Norske namn merkt # gjelder familiar som nyleg er oppretta. Dei nye familiane manglar normerte namn på norsk, her er det gjeve omsettingar frå engelsk. Grunngjevinga for dei nye familiane og andre endringar er gjeve på nettstaden for Clementslista. [2]





Kjelder [endre]

Referansar [endre]

  1. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood. 2009. The Clements checklist of birds of the world: Version 6.4 Lest 14. august 2010
  2. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood. 2009. Updates to The Clements Checklist of Birds of the World Version 6.4 Lest 15. august 2010

Bakgrunnsstoff [endre]