Tyrannus
| Tyrannus | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Passeriformes | |
| Familie: | Tyrannidae | |
| Slekt: | Tyrannus | |
| Artar | ||
|
||
| Vitskapleg namn | ||
| Tyrannus
Lacepede, 1799
|
||
Fugleslekta Tyrannus er ei gruppe av store insektetande sporvefuglar i tyrannfamilien. Dei fleste har fellesnamnet kongetyrann, engelsk 'kingbird'.
Dei føretrekkjer halvopne eller opne område. Desse fuglane sit på ei grein med fri utsikt, ventar på høve og fangar deretter insekt i flukt. Hovudføda er insekt, men somme kan ete av fruktar om vinteren. Dei har lange spisse venger og store breie nebb. Kongetyrannar er typisk trekkfuglar, somme sterke trekkfuglar, andre er standfuglar som karibkongetyrann. Storkongetyrann er endemisk til Cuba.[1]
Desse fuglane har ein tendens til å forsvare hekketerritoria sine særs aggressivt, ofte jagar dei bort mykje større fuglar. Slektsnamnet tyder «tyrann».
Verdas naturvernunion, IUCN, vurderer alle artar i slekta som lite sårbare. Unntaket er storkongetyrann, Tyrannus cubensis, med status trua og minkande populasjon,[2]
Artslista [endre]
Kongetyrannar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.5 frå desember 2010 [3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [4]
- Inkakongetyrann, Tyrannus niveigularis
- Tupikongetyrann, Tyrannus albogularis
- Tropekongetyrann, Tyrannus melancholicus
- Mayakongetyrann, Tyrannus couchii
- Krattkongetyrann, Tyrannus vociferans
- Tjukknebbkongetyrann, Tyrannus crassirostris
- Vestkongetyrann, Tyrannus verticalis
- Austkongetyrann, Tyrannus tyrannus
- Gråkongetyrann, Tyrannus dominicensis
- Karibkongetyrann, Tyrannus caudifasciatus
- Storkongetyrann, Tyrannus cubensis
- Saksetyrann, Tyrannus forficatus
- Gaffeltyrann, Tyrannus savana
Kjelder [endre]
- «Kingbird» frå Wikipedia på engelsk, den 19. januar 2011
- Ridgeley, Robert S. Paul J. Greenfield, The Birds of Ecuador vol II Christopher Helm London (2001) ISBN 0-7136-6117-8
Referansar [endre]
- ↑ Garrido, Orlando H.; Kirkconnell, Arturo (2000). Helms Field Guides: Birds of Cuba. London: Christopher Helm. ISBN 978-82-7852-073-4.
- ↑ «Tyrannus cubensis. In: IUCN 2010. IUCN Red List of Threatened Species. Version 2010.4». BirdLife International tilgjengeleg frå <www.iucnredlist.org>. http://www.iucnredlist.org/apps/redlist/details/145349/0. Henta 19. januar 2011.
- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (20. desember 2010). «The Clements checklist of birds of the world: Version 6.5» (Excel spreadsheet). Cornell Lab of Ornithology. http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%206.5.xls/view. Henta 2. januar 2011.
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
Bakgrunnsstoff [endre]
- Videoar, bilete og lydopptak av tyrannar hos Internet Bird Collection