Mammenstil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ei seremoniøks med dekor av innlagt sølv som er funne i Mammengrava har gjeve namn til Mammenstilen.
Den største av Jellingssteinane er rekna som eit av Mammenstilens høgdepunkt. På fotografiet er synt den sida av steinen som har som motiv eit stort dyr omslynga av ein orm.

Mammenstil er nemninga på ein av de nordiske stilartane frå vikingtida, namngjeve etter dekoren på eit økseblad frå ein praktøks funne i ei vikingtidsgrav i MammenJylland i Danmark. Stilen vart utvikla på fyrste halvparten av 900-talet i tradisjonen frå eldre tiders bruk av stiliserte dyrefigurar som motiv på gjenstandar av ulik art, og gjekk ut av bruk på byrjinga av 1100-talet. Danekongen Harald Blåtanns rune- og biletstein i Jelling på Jylland, den største av dei to såkalla Jellingsteinane, er rekna som eit av høgdepunkta av kunstuttrykk i denne stilen.