Gudbrandsdalen
Gudbrandsdalen er eit av dei store dalføra på Austlandet. Dalen ligg i Oppland fylke og strekkjer seg frå Mjøsa i sør til Lesjaskogsvatnet i nord, til saman omkring 200 kilometer. Elva Gudbrandsdalslågen renn i dalbotnen og har også same start og slutt. I sørvest ligg Valdres og i aust Østerdalen.
Landskapet omfattar kommunane Lesja, Dovre, Skjåk, Lom, Vågå, Sel, Nord-Fron, Sør-Fron, Ringebu, Øyer, Gausdal og Lillehammer.
Innhaldsliste |
[endre] Regionar
Gudbrandsdalen vert ofte delt inn i fylgjande regionar:
- Sør-Gudbandsdalen: Lillehammer, Gausdal og Øyer
- Midt-Gudbrandsdalen: Ringebu, Sør-Fron og Nord-Fron
- Nord-Gudbrandsdalen: Sel, Dovre, Lesja, Skjåk, Lom og Vågå
[endre] Dalane
Gudbrandsdalen startar likt med Gausdalen, nord i Lillehammer kommune.
Gausdalen går rett nordover og vrir seg austover, og endar opp midt på dalsida i Gudbrandsdalen, i Ringebu kommune. Den største sidedalen i Gausdal, Espedalen, startar midt i Gausdalen, og vrir seg rett vest, før han går nordvest til Skåbu. I Skåbu kjem elva Vinstre ned i dalen, og dalen går austover til Vinstra i Nord-Fron, i Gudbrandsdalen.
I Ringebu og Fron munnar det ut fleire dalar som startar i Rondane.
På Sjoa i Sel startar Heidalen, som er den nedre delen av Sjodalen, som startar på Valdresflyi.
På Otta i Sel startar Ottadalen, som går rett vestover til Strynefjellet.
[endre] Historie
Gudbrandsdalen er forma av den siste istida og frå elvar frå breområda i Jotunheimen og Dovrefjell.
Dalen har fått namn etter den mektige Gudbrandætta som haldt til på Hundorp.
[endre] Kultur
Gudbrandsdalen har ein rik folketradisjon, og har òg inspirert mange moderne kunstnarar.
Kampen mot den skotske leiehæren under George Sinclair som marsjerte gjennom dalen i 1612, men blei stogga ved hjelp av luren til Prillar-Guri, er blitt gjenfortald mange gonger i folkemusikken.
Den historiske personen Per Gynt frå Vinstra gav namn til hovudpersonen i Ibsenstykket Peer Gynt, og komponisten David Monrad Johansen kalla den andre klaversuiten sin «Frå Gudbrandsdalen».
[endre] Kommunikasjon
[endre] Jarnbane
Dovrebanen mellom Trondheim og Oslo over Dombås går gjennom Gudbrandsdalen frå Lillehammer i sør til Hjerkinn i Nord. På jarnbaneknutepunktet Dombås greiner Raumabanen av frå Dovrebanen og går nordvestover over Lesja og ned Romsdalen til Åndalsnes. Det er togbyte for reisande med Dovrebanens tog til Raumabanens tog. Medan Dovrebanen har elektrisk drift, har Raumabanen dieseldrift di han ikkje er elektrisifisert.
[endre] Viktige vegar
Europaveg 6 går gjennom Gudbrandsdalen, frå Lillehammer til Dombås, der han går opp til Hjerkinn og Oppdal.
Europaveg 136 Startar på Dombås og fortset nordover Gudbrandsdalen gjennom Lesja, og går nedover Romsdalen til Åndalsnes.
Riksveg 15 Startar på Otta, går vestover gjennom Ottadalen og nedover Strynefjellet til Nordfjord og fortset til Måløy. Denne vegen er òg sers viktig for nesten all busstrafikk i dalen, bortsett frå lokalrutane og Dag- og nattekspressen.
Fylkesveg 27 Startar på Frya, mellom Ringebu og Fron, og går over Venabygdsfjellet til Folldalen i Hedmark.
Riksveg 63 Startar på Riksveg 15 Strynefjellet, og går vidare nedover Breidalen til Geirangen. Vegen er vinterstengt, og einaste vegen frå aust, til verdskjente Geirangerfjorden
Lokale media er mellom anna lokalradio og regionalavisa Gudbrandsdølen Dagningen.
[endre] Innbyggjarar
Lillehammer og Otta er dei einaste byen i dalen. Dei største tettstadene er, frå nord til sør:
- Lesja i Lesja kommune
- Dombås i Dovre kommune
- Bismo i Skjåk kommune (den vestraste kommunen i Ottadalen)
- Tettstaden Lom og Garmo i Lom kommune (ligg midt i Ottadalen)
- Vågåmo og Lalm i Vågå kommune (den austraste kommunen i Ottadalen)
- Sjoa i Sel kommune
- Kvam og Vinstra i Nord-Fron kommune
- Hundorp og Harpefoss i Sør-Fron kommune
- Ringebu (Vålebrua) og Fåvang i Ringebu kommune
- Øyer (Granrudmoen) og Tretten i Øyer kommune
- Lillehammer og Fåberg i Lillehammer kommune