Mantaro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Landskap ved Mantaro

Mantaro (quechua Hatunmayo: 'den store elva') er ei elv i det sentrale Peru med utlaup til Ene og er ein del av Amazonasbassenget. Ho er 724 kilometer lang, har eit nedslagsfelt på 15 410 km² og startar i innsjøen Junín, 4082 moh. Mantaro kryssar Junín-regionen (provinsane Junín, Yauli, Jauja, Concepción og Huancayo) og renn gjennom Huancavelica-regionen og møter Apurímac kor Ene startar som òg er grensepunktet mellom regionane Ayacucho, Cuzco og Junín. Men delar av Pasco-regionen går òg inn i elvebassenget.

På turen gjennom Mantaro-dalen gjev elva vatn til jordbruk i den vidaste dalen i det sentrale Andes. Dalen gjev ein monaleg jordbruksproduksjon i Peru. I Tayacaja-provinsen i Huancavelica ligg Montaro kraftstasjon, eit vasskraftverk som gjev ca. 50 % av all elektrisk energi produsert i Peru.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]