Quechua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg artikkelen om quechuaene
Quechua
(Runa Simi)
Klassifisering: Quechua
Bruk
Tala i: Argentina, Bolivia, Chile, Colombia, Ecuador, Peru
Område: Andes
Quechuatalande i alt: 9,6 millionar
Rangering: Ikkje blant dei 100 mest utbreidde språka
Skriftsystem: Latinske bokstavar
Offisiell status
Offisielt språk i: Bolivia og Peru
Normert av: Academia Mayor de la Lengua Quechua
Språkkodar
ISO 639-1: qu
ISO 639-2: que
Wikipedia på quechua

Quechua (runasimi, 'folkespråket') er eit språk frå Sør-Amerika med 46 ulike variantar, som blir snakka av quechuafolk i Andes, frå Colombia og Ecuador og sørover til Argentina. Det er det største av alle dei søramerikanske urfolsspråka. Quechua er rekna som eit makrospråk med fleire beslekta variantar.[1]

Quechua har ein grammatikk som minnar ein god del om tyrkiske og uralske språk, med regelmessig suffiksering. Morfologien er komplisert, quechua har til dømes objektskonjugasjon.

Klassifisering[endre | endre wikiteksten]

Dei mange ulike variantane av quechua utgjer saman ein eigen språkfamilie. Nokre språkforskarar har foreslått eit språkleg slektskap mellom quechua og aymara som medlemmer av ei større språkgruppe, men dette er blitt omstridt fordi likskapen synast å vere skapt av kontakt meir enn av eit felles opphav. Bortsett frå dette har ikkje quechuaspråka kjende slektningar.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Dei ulike hovudgruppene av quechua.

Offisiell status[endre | endre wikiteksten]

Quechua er i dag offisielt språk i Peru og Bolivia, saman med spansk og aymara.

Dialektar[endre | endre wikiteksten]

Det finst to hovudgrupper av dialektar, waywash og wanp'un. Waywash eller quechua I vert snakka i det sentrale høglandet i Peru. Det er den eldste og mest utbreidde greina av quechua og har ofte vore halde fram som eit sjølvstendig språk.

Wanp'una eller quechua II er vidare delt inn i tre grupper. Yunkay er sporadisk brukt i vestlege høgland i Peru. Quichua (runashimi, nordleg quechua) er den avgreininga som blir nytta i Colombia og Ecuador. Sørleg quechua blir snakka i sørlege høgland av Peru, Bolivia, Argentina og Chile.

Sørleg quechua blir rekna for å vere den viktigaste greina fordi den har flest brukarar og grunna kulturell og litterær arv i språket.

Skriftsystem[endre | endre wikiteksten]

Quechua hadde ikkje noko eige skriftsystem, men brukte quipu, farga trådar med knutar, til å kommunisera over avstand med. Tydinga av desse trådane er i ein stor grad ukjend, men me veit at dei blei brukt til å føra rekneskap med og kanskje òg til ein slags brev.

Etter at Spania hadde erobra Inkariket tok ein til å skriva språket med det latinske alfabetet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Opphav og vekst[endre | endre wikiteksten]

Oca y Mashua er kokte rotknollar og ein tradisjonell matrett i Peru. Nemninga oca (Oxalis tuberosa) og mashua (Tropaeolum tuberosum) kjem frå quechua.

Nokon teoriar om opphavet peikar i retning av ei første territorial utbreiing i dei sentrale kystområda i det moderne Peru, kan hende der oldtidsbyen Caral låg tilbake til ca. 2600 år før Kristus. Inkaherskaren Pachacútec i Cuzco gjorde quechua til det offisielle språket i Inkariket, dermed blei språket dominerande frå Ecuador og langt ned i dagens Chile.

Då spanske misjonærar kom til landet, var språket blitt til eit lingua franca der. Den katolske kyrkja som etter kvart blei etablert i landet brukte quechua mykje som kyrkjespråk, og spreidde det endå vidare enn det gamle inkariket hadde vore.

«Hanacpachap cussicuinin», katolsk prosesjonssong på quechua frå 1631.

I eit viss mon kan ein seie at den katolske kyrkja styrkte utbreiinga av quechua og styrkte kulturen fordi ho valde å forkynne på språket i Andesregionen. På den andre sida må ein tru at quechuaspråka vart sett under press av spansk då spansk vart administrasjonsspråk etter erobringa av Inkariket og dominant i høve til urfolket sitt språk.

Påverknad på Europa[endre | endre wikiteksten]

Quechua-kulturen har påverka Europa, både språkleg og materielt. Desse orda kom frå quechua til europeiske språk, i lag med kunnskap om tinga dei viser til: alpakka, quipu, pampas, poncho, potet, lama, inka, kondor, koka og guano.

Utbreiing i dag[endre | endre wikiteksten]

Quechua er det eine av dei to store blant urfolk i Andesregionen, saman med aymara. Geografisk er quechua i dag nytta over store delar av Peru og Bolivia, i sørlege Ecuador og Colombia, nordlege Chile og nordvestlege delar av Argentina. Når det gjeld talet på brukarar finst det ingen pålitelege kjelder. Boka Lingüística quechua frå 1987 reknar at 8,35 millionar menneske snakka språket den gongen, i dag kan talet ha auka grunna vekst i folkesetnaden, men på den andre sida er språket sterkt truga av det dominante spanske språket, særleg når folk flyttar inn i urbane område.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia-logo-v2.svg Wikipediaquechua

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Quechua
  • Rodolfo Cerrón-Palomino: Lingüística quechua (Biblioteca de la tradición oral andina), Centro de Estudios Rurales Andinos Bartolomé de las Casas, Cuzco, Peru, 1987, 2003. ISBN 9972-691-59-4

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!