Apurímac

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Apurímac
Relieffkart over sentrale Peru med markering av elvefaret
Relieffkart over sentrale Peru med markering av elvefaret
Utspring Isbre ved Nevado Mismi, ca 40 km frå Chivay
- Høgd over 5000 moh.
Munning I møtet med elva Mantaro kor elva tar namnet Ene
Land i nedslagsfelt Peru
Lengd 730 km (1069 km)

Apurímac (spansk: Río Apurímac), apu=guddom rimac=orakel, talsmann), er ei elv som har si kjelde frå smeltevatn av isbre ved Nevado Mismi, eit 5 597 meter høgt fjell i Arequipa-regionen i sørlege Peru.

Med vatn frå Nevado Mismi gjer Apurímac dermed Amazonaselva til verdas lengste elvesystem. Dei mest fjerne kjeldene er ca. 40 km frå byen Chivay i Colcadalen og mindre enn 160 km frå kysten av Stillehavet.

Apurímac, ikkje langt frå Choquequirao.
Foto: Bryan Dougherty

Apurímac renn stort sett i retning nordvest og passerer om lag 50 km sør for Cuzco i eit svært djupt og trongt dalføre med mange stryk og fossar. Elva er mange stader så strid at det skal berre finnast to som har klart å padle elva i heile lengda. Etter 730 km flyt Apurímac saman med Mantaro og dannar Ene, framleis i retning nordvest, (12°15′46″S 73°58′44″W), 440 moh. Etter nye 125 km renn ho saman med elva Perené på 330 moh., no vert ho Tambo og snur mot aust og nord og møter Urubamba på 280 moh. der ho endeleg vert Ucayali, ei av hovudsideelvane til Amazonas. Somme reknar òg med Ene og Tambo ned til Ucayali som Apurímac med ei total lengd på 1 069 km.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]