Maranhão

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Maranhão
Geografisk plassering

Delstat i Brasil

Hovudstad São Luís
Flatevidd

 - Rangering i Brasil

333366 km²

.

Folketal (2006)

 - Rangering i Brasil
 - Folketettleik

6184900

.
18,55/km²

Grunnlagd 1823
Offisielle språk
'
Nettstad www.ma.gov.br
Flagg Våpen
Flagg Våpen

Maranhão er ein delstat nordaust i Brasil, med São Luís som hovudstad. Nabodelstatar er Piauí, Tocantins og Pará.

Rakettoppskytingsfeltet Alcantara ligg nord i delstaten, ikkje så langt frå São Luís.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Frankrike etablerte i 1612 ein koloni i det som i dag er Maranhão, med São Luís som hovudsete. Tre år seinare blei byen tatt av portugisarane som igjen tapte han til hollendarane året etter, i 1641. Portugisarane fekk endeleg kontroll over byen i 1617. Byen blei inkludert i verdsarvlista til UNESCO i 1997.

Delstatane Ceará, Maranhão og Pará blei sameint under namnet Estado do Maranhão i 1621. Området haldt fram som sjølvstendig til 1774, då det kom under administrasjon av kolonien Brasil.

Maranhão deltok ikkje i den brasilianske sjølvstendeerklæringa i 1822. Året etter blei likevel portugisarane fordrive av admiral Lord Cochrane og delstaten blei med det ein del av keisardømmet Brasil.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Det er ei rekke elvar i delstaten, slik som Parnaíba, Gurupi og Grajaú. Elvene gjer at delstaten ikkje er like utsett for tørke som dei andre delstatane nordaust i Brasil. Maranhão er prega av brå overgangar mellom ulike naturtypar: mangroveskog, ørken og steppe.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Delstatar i Brasil Brasil sitt flagg
Acre | Alagoas | Amapá | Amazonas | Bahia | Ceará | Distrito Federal | Espírito Santo | Goiás | Maranhão | Mato Grosso | Mato Grosso do Sul | Minas Gerais | Pará | Paraíba | Paraná | Pernambuco | Piauí | Rio de Janeiro | Rio Grande do Norte | Rio Grande do Sul | Rondônia | Roraima | Santa Catarina | São Paulo | Sergipe | Tocantins