Tocantins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tocantins
delstat
Flagg
Symbol
Land  Brasil
Del av Norte
Areal 278 420,7 km²
Folketal 1 550 194 (2017)[1]
Kart
Tocantins
9°25′00″S 48°09′00″W / 9.4166666666667°S 48.15°W / -9.4166666666667; -48.15
Wikimedia Commons: Tocantins

Tocantins er ein delstat i Brasil. Delstaten blei skild ut frå Goiás som ein eigen delstat i 1988. I 2015 hadde han eit berekna folketal på 1 515 126.[2] Bygginga av hovudstaden Palmas byrja i 1989 og står i kontrast til dei andre byane i delstaten, som blei bygd i den portugisiske koloniperioden.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Tocantins dannar eit skilje mellom Amazonasregnskogen og savannane. Det finst mange elver her, blant anna elva Tocantins, som har gjeve namn til delstaten. Det finst om lag 20 arkeologiske utgravigsstader i området.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Økonomien i Tocantins er hovudsakleg basert på kvegdrift. I tillegg blir dyrka mykje ananas, som ein sel både i Brasil og til andre land i Mercosul-samarbeidet. Nord i delstaten blir det produsert trekol og palmeolje frå babaçu-palmen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det som i dag er Tocantins blei første gong utforska av europearar rundt 1625, då jesuittmisjonærar prøvde å kristna den opphavlege folkesetnaden.

Opphavleg utgjorde Tocantins norddelen av Goiás. Historisk sett har dette området vore skilt frå resten av denne delstaten. Dette førte til at dei sørlege delane av Goías fekk mesteparten av investeringane og som eit følgje av dette blei betre utvikla. Som eit følgje av dette har det vore ei sterk separatistrørsle i Tocantins i mange år.

Dei første separatistbølgjene oppstod i 1809, då det blei innført kraftige skattar på gruvedrift. Dette førte til eit mindre opprør som raskt blei slått ned av dei militære. Mindre forsøk på opprør følgde gjennom 1800-talet.

Gjennom 1970-talet blei det lagt press på dei føderale styresmaktene i Brasil for å skilja ut dei nordre delane av Goías som ein eigen delstat. I den nye grunnlova av 1988 blei Tocantins, saman med mellom anna Roraima og Rondônia, oppretta som eigne delstatar.

Byar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Tocantins