Marcus Thrane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Marcus Thrane
Marcus Møller Thrane
none  Marcus Thrane som ung
Marcus Thrane som ung
Fødd 14. oktober 1817
Christiania
Død 30. april 1890 (72 år)
Eau Claire i Wisconsin, USA
Nasjonalitet Norsk
Yrke Lærar, publisist, pressemann,
politisk reformator og fotograf
Ektefelle Josephine Thrane
Wikimedia Commons: Marcus Thrane

Marcus Møller Thrane (fødd 14. oktober 1817 i Christiania, død 30. april 1890 i Eau Claire i Wisconsin, USA)[1]var ein norsk sosialistisk agitator, lærar, publisist, pressemann og fotograf. Han er mest kjend for å ha tufta thranittarrørsla, den første arbeidarrørsla i Noreg.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Marcus Thrane vart fødd 14. oktober 1817 i Kristiania. Han hadde ein solid overklassebakgrunn, men vart foreldrelaus allereie som femtenåring. Fem år seinare la han ut på ei lengre reise i Europa (hovudsakleg Frankrike) der han truleg vart inspirert av fleire før-marxistiske sosialistiske tenkjarar. Attende i Noreg tok han til å studera teologi, før han tok til som lærar frå 1841.

I august 1848 overtok Thrane redaksjonen av avisa Drammens Adresse, men dei radikale synspunkta han forfekta bidrog til at han vart oppsagd allereie tidleg året etter. På dette tidspunktet hadde han allereie skipa den første av arbeidarforeiningane som skulle verta thranittarrørsla, noko som skjedde 27. desember.

Med Arbeiderforeningernes Blad, som Thrane starta opp i mai 1849, skaut rørsla verkeleg fart, og det vart frå statleg hald gjort fleire forsøk på å pasifisera både ho og Thrane sjølv. Den 7. juli 1851 vart heile leiarsjiktet til thranittarane arrestert, og etter ei lang og hard rettsprosess vart Thrane fengsla i april 1854. Likevel klarte han å halda fram drifta av bladet heilt til 1856.

Då Marcus Thrane slapp ut i 1859 låg rørsla med broten rygg. Etter nokre fåfengde forsøk på å atterreisa ho flytta han til USA i 1863, der han vart ein viktig figur m.a. i sosialistmiljøet i Chicago.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]