Margaret Mead

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Margaret Mead, 1948

Margaret Mead (16. desember 190115. november 1978) var ein amerikansk antropolog.

Mead var i store delar av karrieren sin tilknytt American Museum of Natural History i New York. Ho gav ut fleire populærvitskaplege debattbøker om antropologi, og vekka særleg oppsikt gjennom synet sitt om at kjønnsroller var kulturelt skapte framfor å vera biologisk gjevne. Ho deltok også i andre debattar om amerikanske samfunnsspørsmål, til dømes om synet på dei ulike aldrane til mennesket (barndom, ungdom, alderdom osb.). Ho dreiv feltarbeid på mellom anna Ny-Guinea og Samoa, og saman med ektemannen Gregory BatesonBali.

Spire Denne antropologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.