Margit Stórá

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Margit Stórá
Fødd6. januar 1971 (53 år)
Statsborgar avKongeriket Danmark
PartiJavnaðarflokkurin
Yrkepolitikar, direktør, sjukepleiar
VervHelseminister på Færøyane 22. desember 2022
FøregangarKaj Leo Johannesen
VervLagtingsmedlem 8. desember 2022
Alle verv
  • Færøyenes helseminister (2022–) Sjå dette på Wikidata

Margit Stórá (fødd 6. januar 1971) er ein færøysk sjukepleiar og politikar. Ho er helseminister på Færøyane frå desember 2022. Ho representerer det sosialdemokratiske partiet Javnaðarflokkurin.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Stórá er utdanna sjukepleiar og har også ein mastergrad i offentleg leiing. Ho arbeidde ved fleire sjukehus i Danmark før ho blei avdelingssjukepleiar ved Landssjúkrahúsið i Tórshavn i 2005. Ho har siden hatt ei rekkje leiarstillingar i helsevesenet. I 2018 blei Stórá visedirektør ved Landssjúkrahúsið.[1][2]

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

I desember 2022 blei Stórá vald inn på Lagtinget. Ho blei så helseminister i den andre regjeringa til Aksel V. Johannesen.[3]

Stórá har vore leiar for velgjarforeininga til Javnaðarflokkurin i Suðurstreymoy.[4]

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Stórá er gift med Tormóður Stórá, overlege og leiar for psykiatrisk senter ved Landssjúkrahúsið.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Nýggjur varastjóri á Landssjúkrahúsinum» (på færøysk). Heilsumálaráðið. 26. februar 2018. Henta 23. desember 2022. 
  2. «Margit Stórás profil» (på engelsk). LinkedIn. Henta 23. desember 2022. 
  3. Johannesen, Johnsigurd (22. desember 2022). «Bjørt løgtingsforkvinna og Aksel løgmaður» (på færøysk). Kringvarp Føroya. Arkivert frå originalen 22. desember 2022. Henta 22. desember 2022. 
  4. Bertholdsen, Áki (3. april 2012). «Margit Stórá nýggj forkvinna». Sosialurin (på færøysk). in.fo. Henta 23. desember 2022. 
  5. «Margit Stórá» (på færøysk). Javnaðarflokkurin. Henta 23. desember 2022.