Maria Parr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maria Parr

Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. januar 1981 (43 år)
Vanylven kommune
Yrke barnebokforfattar, lektor, skribent
Språk norsk
Maria Parr på Commons
Maria Parr signerer bøker ho har skrive i lag med nokre vaffelhjarte

Maria Parr (fødd 18. januar 1981) er ein barnebokforfattar frå Fiskå i Vanylven.

Maria Parr har mastergrad i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen, og studerer no ved Høgskulen i Volda

Parr debuterte i 2005 med den kritikarroste barneboka Vaffelhjarte, som vart nominert til Brageprisen og fekk Nynorsk barnelitteraturpris og den nederlandske barnebokprisen Zilveren Griffel. Boka er omsett til fleire språk. I 2009 gav ho ut boka Tonje Glimmerdal som var selt til fem land før ho kom på norsk, og som ho fekk Brageprisen for i 2009. Brageprisen fekk ho og i 2017 for Keeperen og havet. I 2011 vart Vaffelhjarte filmatisert for NRK.

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • Vaffelhjarte, barnebok, 2005
  • Tonje Glimmerdal, barnebok, 2009
  • Keeperen og havet, barnebok, 2017
  • Oskar og eg, barnebok, 2023

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. ««Det Norske Samlaget Årsmelding og reknskap 2010»». Det Norske Samlaget. 14. april 2011. 
  2. «Maria Parr kulturprisvinnar i Vanylven 2011», vanylven.kommune.no, arkivert frå originalen 9. mars 2012, henta 17. november 2011 
  3. ««Sigmund Skard-stipendet 2013 til Maria Parr»». Det Norske Samlaget. 14. august 2013. Henta 20. august 2013. 
  4. Steenberg, Nora (23. november 2023), «– Ein Oskar i livet skulle alle ha», BOK365.no (på norsk bokmål), henta 25. november 2023 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]