Vanylven kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vanylven kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1511
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Fiskåbygd
Areal 385 km²
Folkemengd 3 336 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2003-) Jan Helgøy (KrF)
Målform Nynorsk
Nettstad www.vanylven.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1511.svg
Vanylven kommune på Commons

Vanylven er ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Han grensar i nord (over Rovdefjorden) til Sande og Herøy, i aust mot Volda kommune, i sør mot Eid kommune og Vågsøy kommune og i sørvest mot Selje kommune.

Vanylven har fått kallenamnet 'Solsikkelandet' etter at kommunen vann solsikkekonkurransen til Innovasjon Norge i 2004.

Vanylven lokalt er delt opp i 6 forskjellege bygder. Eidså, Fiskå, Åram, Rovde, Åheim og Syvde. I Syvde ligg Vanlylven Vidaregåande Skule. Skulen er ei avdeling under Herøy Vidaregåande.

Fiskå er kommunesentrum i Vanylven. I sentrumskjerna finn du Combi Senteret som dekkjer apotek, daglegvare, og legesenter.

Tusenårsstad[endre | endre wikiteksten]

Kommunen har ikkje eiget tusenårsstad, men det blei planta ein del tusenårstre i regi av skolar, bygdelag og 4H. Trea er plassert rundt omkring i kommunen, for eksempel ved kommunesenteret i Fiskå, ved dei ulike skolane og ved nokre forsamlingshus.


Kjende personar frå Vanylven[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.