Årets nynorskbrukar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Årets nynorskbrukar er ein pris som vert delt ut av Nynorsk kultursentrum på Dei nynorske festspela kvart år. Prisen går til «personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettaren å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk» [1]. Prisen er frå 2006 på 50 000 kroner (tidlegare 25 000 kroner) og eit grafisk trykk, og ved to høve eit eksemplar av Dialektspelet. Det er styret i Nynorsk Kultursentrum som er jury for utdelinga.
[endre] Prismottakarar
- 2000: Karl Arne Utgård (høgsterettsdommar)
- 2001: Gerd Kjellaug Berge (hotelleigar og visepresident i NHO)
- 2002: Ringstabekk skole (Bærum)
- 2003: Martin Toft (redaktør)
- 2004: Side Brok (Hip-hop-gruppe)
- 2005: Kjartan Fløgstad (forfattar)
- 2006: Kari Traa (idrettsutøvaren og forretningskvinne)
- 2007: Guri Vesaas (forlagskvinne og omsetjar)
- 2008: ÅmliAvisa (Lokalavis for Åmli kommune)
- 2009: Ottar Rekkedal (Overlækjar)
- 2010: Maria Parr (Barnebokforfattar)
- 2011: Linda Sæbø (bloggar)
- 2012: Ingvild Bryn og Arill Riise (journalistar)