Maria Anna av Spania

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Maria Anna av ein ukjend målar

Maria Anna av Spania (18. august 160613. mai 1646), infantinne av Spania og den yngste dottera til kong Filip III av Spania og Margaret av Austerrike var ei tysk-romersk keisarrinne og dronning av Ungarn og Böhmen som kona til Ferdinand III av Det tysk-romerske riket.[1]

Ho var ei yngre syster av Anna av Austerrike, dronninggemalinne til Ludvig XIII av Frankrike og mor til Mariana av Austerrike, dronninggemalinna til Filip IV av Spania.

Då ho gifta seg med Ferdinand III, syskenbarnet sitt, og reiste til Austerrike, måtte ho reise gjennom Italia, som var ei farleg ferd på denne tida under trettiårskrigen. Reisa tok derfor 14 månader å fullføre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]