Leopold I av Det tysk-romerske riket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leopold I av Det tysk-romerske riket

Konge av Tyskland og tysk-romersk keisar
Periode1658-1705
Fødd9. juni 1640
FødestadWien
Død5. mai 1705
DødsstadWien
MorMaria Anna av Spania
FarFerdinand III av Det tysk-romerske rike
EktefelleClaudia Felizitas av Østerrike-Tyrol, Eleonore Magdalene von der Pfalz, Margaret Theresia av Spania
BarnMaria Antonia av Austerrike, Josef I av Det tysk-romerske riket, Maria Elisabeth av Østerrike, Leopold Josef av Østerrike, Maria Anna av Østerrike, Maria Teresia av Østerrike, Karl VI av Det tysk-romerske riket, Maria Magdalena av Østerrike, Ferdinand Wenzel von Habsburg, Johann Leopold von Habsburg, Maria Anna von Habsburg, Anna Marie von Habsburg, Maria Josefa von Habsburg, Christine von Habsburg, Archduchess Maria Josepha of Austria, Marie Margarete von Habsburg
FøregangarFerdinand III
EtterfølgjarJosef I

Leopold I (9. juni 16405. mai 1705) var ein tysk-romersk keisar. Han var son av Ferdinand III og av den habsburgske slekta. Han vart konge av Ungarn 1655, 1656 av Böhmen og då faren døydde i 1657 herskar over dei austerrikske arvelanda. Leopold vart 1658 i Frankfurt krona som keisar av det Det tysk-romerske riket.

Sjølv om han var ein djupt truande katolikk samarbeidde han utanrikspolitisk med dei protestantiske landa England og Nederland. Innanrikspolitisk var regjeringstida hans kjenneteikna av veksande sentralisme, noko som førte til uro særleg i Ungarn, og av ein motreformatorisk prega katolisisme. Politikken til Leopold var innretta mot undertrykking av den særleg i Ungarn sterke protestantismen. Til denne konteksten må òg fordrivinga av jødane i 1670/1671 nemnast.

Leopold I var ein språkdugande, velutdanna og musikalsk mann som gjorde hoffet i Wien til eit sentrum for barokkulturen.

Leopold var gift tre gonger og fekk 16 born, men åtte døydde som små.

Han førte ei lang rekkje krigar:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]