Maria sin tempelgang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Presentation titian.JPG
Folio 137r - The Presentation of the Virgin.jpg

Maria sin tempelgang eller Jomfru Maria si framstilling i tempelet (latinsk In praesentatione Beatae Mariae Virginis) er ein minnefestdag i den katolske og ortodokse kyrkja halde den 21. november (4. desember i den julianske kalenderen). Soga om hendinga står i ikkje i Bibelen, men har opphav i den apokryfe forteljinga «Jakobs Protoevangelium» frå 100-talet.

I følgje desse skriftene skjedde det slik at foreldra til Maria, Joakim og Anna, bad Gud om å lækje dei for barnløyse. Dei lova at om dei fekk eit barn, skulle det då tene Gud. Då Jomfru Maria flyte tre år ville foreldra hennar fullføre lovnaden. Dei samla alle slektningar og kledde Maria i flotte klede. Med kyrkjesongar og lys i hendene vart ho ført inn i Tempelet i Jerusalem. Der vart ho teke imot av ypparstepresten og mange andre prestar. Det var ei lang trapp som førte inn i kyrkja, og det virka som om vesle Maria ikkje ville klare å kome opp trappa. Likevel klarte Maria med Guds hjelp å gå raskt opp så snart ho tok det første trinnet

Ypparstepresten tok så Jomfru Maria med seg til alteret, sjølv om det berre var ypparstepresten som kunne kome hit, og hit kom han i tillegg berre ein gong i året med offerblod. Alle som var til stades vart overraska over denne gjerninga.

Joakim og Anna gjekk heim etter å ha gjeve barnet sitt til Herren. Maria heldt til i eit rom for jomfruer i nærleiken av kyrkja. I følgje Bibelen (2 Mos 38; 1 Sam 1, 28; Luk 2, 37) og historikaren Josefus var det fleire bustader der for dei tente Gud.

Livet til Maria frå barndommen av og fram til ho vart teken opp til himmelen er eit mysterium. Det var òg livet hennar i tempelet. Hieronymus sa «Om nokon ville spørje meg om korleis Maria heldt ungdomstida si ville eg svare: det veit berre Gud og vaktaren hennar, erkeengelen Gabriel»

I kyrkjehistoria finst det framleis informasjon om at medan Jomfru Maria var i Jerusalem, vart ho lagt merke til samfunnet av fromme jomfruer. Her las ho Bibelen, dreiv handarbeid, var alltid i bøn og voks opp i kjærleik til Gud.

Historiske palestinske kjelder tyder på at minnefestedagen vart feira alt dei første hundreåra av kristendomen. Her står det om den heilage keisarinna Helena som bygde kyrkja til ære for Maria sin tempelgang.

St. Gregor av Nyssa nemnde denne høgtida på 400-talet. Preike på denne dagen vart halde på 800-talet av dei heilage konstantinopelske patriarkane Herman og Tarasij.

Den høgtida er eit teikn på Guds nåde mot menneske, preike om frelse og lovnad om Jesus skal vende tilbake.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]