Hieronymus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hieronymus i villmarka, måla av Albrecht Dürer i 1495.

Eusebius Sophronius Hieronymus ( 34030. september 420), kjend som den heilage Hieronymus, er opphavsmannen til Vulgata, den latinske omsetjinga av Bibelen frå gresk og hebraisk. Med visse endringar er omsetjinga hans framleis i bruk som offisielle bibelteksten i bruk i kyrkja, og Hieronymus har fått tittelen kyrkjelærar. Han er rekna som helgen for omsetjarar og bibliotekarar.

Hieronymus var ein adelsmann frå Stridon, på grensa mellom Pannonia og Dalmatia, som kom til Roma for å læra gresk og latin. Han hadde kristne foreldre, men blei ikkje døypt før om lag 360. Etter fleire år som språkstudent i Roma reiste han til Trier, der han truleg tok til å studera teologi.

Så tok Hieronymus fatt på ei reise til Vesleasia og Syria. Under eit lengre opphald i Antiokia opplevde han at to av reisekameratane hans døydde, medan han sjølv var sjuk fleire gonger. Medan han låg sjuk hadde han eit syn som fekk han til å ta avgjerda om å slutta med dei verdslege studia sine og via livet sitt til gudelege ting. Dette hende truleg vinteren 373-374. I tre år etterpå oppheldt han seg ein del i den syriske ørkenen, der mange einebuarar heldt til. Hieronymus blir gjerne sjølv framstilt som ein einebuar på grunn av dette, men han brukte òg denne tida til å studera og skriva. Av ein konvertert jøde fekk han den første undervisinga si i hebraisk.

Omsetjaren Hieronymus i arbeid, med tam løve i forgrunnen. Gravert av Albrecht Dürer i 1514.

Då han vende tilbake til Antiokia i 378 eller 9 blei han presteordinert av biskop Paulinus. Hieronymus kom så tilbake til Roma i 382, der han blei ein nær medarbeidar av pave Damasus. Han fekk oppdraget med å omsetja Bibelen og slik sameina dei mange vestlege bibeltekstane, som var blitt noko ulike med åra. Han tok først fatt på Det nye testamentet ved å retta den eksisterande latinske utgåva Itala eller Vetus Latina. I 390 gjekk han så over til Det gamle testamentet, som han fullførte i Betlehem i 405. Deretter skreiv han ei rekke kommentarar til dei heilage skriftene, ofte med forklaringar til dei omsetjingsvala han hadde teke.

Hieronymus i raud kardinaldrakt, måla av Rubens.

Kort tid etter at Damasus døydde forlet Hieronymus Roma og drog først til Antiokia, så til Alexandria og Nitria i Egypt, og til slutt til Palestina. Han slo seg ned som ein eremitt og lærar i Betlehem, der han døydde i 420.

Seinare historier fortel om korleis Hieronymus blei freista i ørkenen, på om lag same måte som Jesus, korleis han temte ei løve der ved å ta ein torn ut av foten hennar, og at han hadde fleire visjonar som einebuar. I kunst blir han ofte vist saman med ei løve, i tillegg til den sjølvsagte Bibelen. Ettersom han var prest i den tidlege kyrkja blir han framstilt som ein kardinal, til dømes med raude klede eller ein kardinalhatt.