Marin Mersenne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Marin Mersenne
MarinMersenne.jpg
Nasjonalitet fransk
Fødd 8. september 1588, Oizé i Maine (dagens Sarthe i Pays de la Loire)
Død 1. september 1648 (59 år), Paris
Kjend for akustikk

Marin Mersenne, Marin Mersennus eller le Père Mersenne (8. september 15881. september 1648) var ein fransk katolsk prest og munk, teolog, matematikar og musikkteoretikar, ofte kalla «akustikkens far».

Mersenne studerte saman med René Descartes ved jesuittkollegiet i La Flèche frå 1604 til 1609 og studerte teologi ved Sorbonne i Paris frå 1609 til 1611. I 1611 gjekk han inn i Paulanerordenen og vart prestevigd følgjande år. Frå 1620 gjorde han mange reiser gjennom heile Vest- og Sør-Europa.

Formidlar og forskar[endre | endre wikiteksten]

I yngre dagar var Mersenne ein trongsynt skolastikar, men gjorde heilomvending midt i livet og vart ein gloande motstandar av det aristoteliske verdsbilete, og av okkulte retningar som alkymi, astrologi, kabbala og Rosenkrossordenen. I staden støtta han dei astronomiske teoriane til Galilei og filosofien til René Descartes. Frå 1623 korresponderte Mersenne aktivt med, eller oppsøkte leiande vitskapsmenn, blant anna Galilei og Descartes. Dermed vart han ein viktig formidlar av informasjon og kontakt mellom vitskapsmennene til tida, særleg mellom matematikarar som Pierre Gassendi, Gilles Personne de Roberval, Blaise Pascal og Pierre de Fermat. Det vart sagt at dersom ein informerte Mersenne om ein oppdaginga var det det same som å offentleggjere han. Han anspora Gassendi til å gje eit tilsvar til Descartes sine Meditasjonar og han gjorde Christiaan Huygens merksam på kor nyttig pendelen var på tidsmålingar, noko som førde til oppfinninga av pendeluret.

Han var likevel ikkje berre ein formidlar, òg som forskar gav Mersenne viktige bidrag. I 1626 publiserte han tekstsamlinga Synopsis mathematica der han handsama matematikk og mekanikk og gav bidrag til akustikk og musikkteori. Han handsama òg sykloider.

Lista hans over (førehandstrua om) primtala M_p er berømt:

 M_p = 2^p - 1

Der p er eit primtal. Tal med denne eigenskapen blir i dag kalla Mersennetal. Lista er feil og ufullstendig, men likevel har generasjonar av talteoretikarar fortsett med undersøkingar rundt desse tala.

Akustikk[endre | endre wikiteksten]

I akustikken undersøkte Mersenne samanhengen mellom frekvens og tonehøgd og fann ut at frekvensen til ein vibrerande streng er direkte proporsjonal med kvadratrota av spenninga til strengen F og omvendt proporsjonal med strenglengda l og kvadratet av tverrsnittet q.

 v \sim \frac{1}{l}\sqrt{\frac{F}{q\rho}}

Mersenne gav den første verdien for lydsnøggleiken i luft ved å måle tida mellom munningsflamme og smell, og fann den for høge verdien 448 m/s. I Harmonie Universelle frå 1636 målte han tida frå ein direkte lyd kom tilbake som ekko frå ein vegg på kjent avstand og fann 316 m/s. Det riktige er ca. 342 m/s.

I boka Traité de l’harmonie universelle (1636–37) handsama Mersenne affektlæra som var ein populær musikkteori og -praksis på den tida. Boka er ei verdifull informasjonskjelde for musikkhistoria på 1600-talet. Mersenne gav òg eit forslag til temperert stemming der han delte oktaven i 12 like halvtonar, der halvtone skilt av ein ratio på 1.05946 som var meir presis enn forslaget til Vincenzo Galilei.

Skrifter[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til bøkene nemnt over høyrer Quaestiones celeberrimae in Genesim (1623), eit kampskrift mot okkulte retningar, og La Vérité dans les sciences (1625 – Sanning i vitskapane) til Mersennes meir kjente publikasjonar.

  • Correspondance du P. Marin Mersenne, publiée et annotée par Cornelis de Waard, Bernard Rochot et Armand Beaulieu. 17 vol., CNRS, Paris 1932–1988
  • Harmonicorum, libri XII: in quibus agitur de sonorum natura, causis, et affectibus; de consonantiis, dissonantiis, rationibus, generibus, modis, cantibus, compositione, orbisque totius harmonicis instrumentis. Reprint der Ausgabe Paris 1648; Ed. aucta - Minkoff, Genève 1972, ISBN 2-8266-0368-X
  • Harmonie universelle: Contenant la théorie et la pratique de la musique. (Paris 1636), Reprint Centre nat. de la recherche scientifique, Paris 1975
  • L'impiété des Déistes, athées et libertins de ce temps. Paris 1624, Faks. Stuttgart-Bad Cannstatt 1975
  • La vérité des sciences: contre les sceptiques ou pyrrhoniens. Paris 1625, Éd. et annot. par Dominique Descotes, Champion, Paris 2003, 1025 s.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Hartmut Lohmann: «Mersenne, Marin» i Biographisch-Bibliographisches Kirchenlexikon (BBKL). Band 5, Herzberg 1993, ISBN 3-88309-043-3, Sp. 1334–1336.
  • Hellmut Ludwig: Marin Mersenne und seine Musiklehre. Buchh. d. Waisenh., Halle/Saale 1935. 120 S. Notenbeispiele (Schriftenreihe: Beiträge zur Musikforschung 4)
  • Ingo Negwer: Laute und Theorbe in Marin Mersennes Harmonie universelle: zur Aufführungspraxis frühbarocker Musik in Frankreich. Dt. Lautenges., Frankfurt am Main 2000
  • Albrecht D. Stoll: Figur und Affekt: zur höf. Musik u. zur bürgerl. Musiktheorie d. Epoche Richelieu. 2., durchges. Aufl., Schneider, Tutzing 1981. 242 S. Noten. (Frankfurt (Main), Univ., Dissertation 1974) ISBN 3-7952-0197-7
  • Dieter Ullmann: Chladni und die Entwicklung der Akustik von 1750-1860. Birkhäuser Verlag, Basel 1996, S. 1ff.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Marin Mersenne