Pendel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Animasjon av ei pendelrørsle, der hastigheit og akselerasjon er oppgjevne.

Pendel er ei mekanisk innretning som rører seg periodisk. Den mekaniske energien i ein pendel er bevart og vert omdanna mellom potensiell energi og rørsleenergi.

Den vanlegaste varianten er tyngdependelen. Perioden til ein slik er berre avhengig av to faktorar – tyngdeakselerasjonen og avstanden mellom festepunktet og massesenteret til pendelen. Denne pendelen vart oppfunnen av Galileo Galilei på 1500-talet og er framfor alt blitt brukt i urverk. Ein annan variant er torsjonspendelen, der ein deformerbar kropp vert vridd fram og tilbake av sin eigen rørsleenergi.

Sidan pendelen utfører ei harmonisk svinging, er han særs regelmessig, og har derfor gjennom tidene blitt brukt både praktisk og eksperimentelt. Ein pendel som består av ein punktforma masse som er opphengt i ein uelastisk tråd vert rekna som ein matematisk pendel. Med denne kan svingningstida T, for små vinklar, utleiast til å berre vere avhengig av lengda l til tråden og tyngdeakselerasjonen g:

Sidan lengda på tråden og svingetida er målbare, kan ein dermed eksperimentelt måle tyngdeakselerasjonen.

I somme delar av verda, særleg i Sør-Europa, har pendelen fått tillagt overnaturlege eigenskapar, og har blitt brukt på same måte som ein «ønskekvist», til dømes for å finne vasskjelder.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]