Martha Ostenso

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Martha Ostenso

Statsborgarskap Noreg, USA
Fødd 17. september 1900
Haus kommune
Død

24. november 1963 (63 år)
Seattle

Yrke journalist, romanforfattar, novelleforfattar, sosialarbeidar, lyrikar
Medlem av National League of American Pen Women
Far Sjur Brigtson Østensø
Mor Oline Olsdatter Tungeland Østensø
Ektefelle Douglas Durkin
Martha Ostenso på Commons

Martha Ostenso (17. september 190024. november 1963) var ein norsk-amerikansk forfattar, kjend for den prisløna debutromanen sin Graagaas (Wild Geese) frå 1925. Romanen vart ein bestseljar både i USA og Noreg, og vart omsett til ei rekkje andre språk. Forfattarskapen til Ostenso var i hovudsak realistiske skildringar av livet på landet i Midtvesten av USA og i Canada. Ho vart kjend som grunnleggjaren av «prærierealismen».

Ostenso samarbeidde med ektefellen Douglas Durkin om bøkene sine, men omfanget av medverknaden til Durkin er ikkje klarlagt. Ein går ut frå at Ostenso hadde skrive det første utkastet til debutromanen og at Durkin deretter gjekk gjennom og redigerte manuskriptet. Enkelte litteraturvitarar ser på signaturen Martha Ostenso som uttrykk for den felles verksemda til dei to forfattarane frå og med 1925.

Familien til Ostenso utvandra til USA då Martha var to år gammal. I barndomsåra heldt ho til i Minnesota og Sør-Dakota i USA. I ungdomsåra budde dei i Manitoba i Canada. Karrieren hennar som forfattar varte fram til 1958, og resulterte blant anna i ei diktsamling, seksten romanar, rundt tretti noveller og ein biografi. Wild Geese vart til stumfilm og spelefilm i levetida til forfattaren, og dessutan til TV-serie i 2001.

Ostenso vart den fyrste norsk-amerikanske kvinna til å forsørgja seg og familien sin som forfattar. Ho var tre gonger tilbake i Noreg etter utvandringa.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Familien i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Martha vart fødd i bygda Tungeland i Haus kommune, som vart innlemma i Bergen 1972. Ho var dotter av den faglærte meieristen Sjur Brigtson Øystesø og meieriarbeidaren (meierske) Olina Tungeland. I nokre kjelder er foreldra kalla Sigurd og Line.[1][2][3] Paret gifta seg i Biri kyrkje 18. august 1898. Sjur hadde utdanna seg som meierist og arbeidde i Redalen. Etter å ha leigd Rosendal meieri i eitt år, fann han ut at det ikkje løna seg. I 1900 drog han difor åleine til Winnipeg i Canada, der han fekk arbeid hos Olinas onkel, som eigde ein kjøtmarknad.[4]

Etter at Sjur hadde reist til Canada, budde mor til Martha på heimplassen Tungeland. Den 17. september 1900 vart Martha fødd. Dåpen vart halden i Arna kyrkje, 14. oktober same år, og ho vart boren til dåpen av bestemor si, Anna Johannesdatter Tungeland Borge. Martha vart oppkalla etter systera til mor si, som skreiv dikt. Mostera hadde mista livet i eit steinras kort tid før Martha vart fødd.[4][5]

Oppvekst og unge år i Canada og USA[endre | endre wikiteksten]

Marthas «amarant-elevar»

Joan Naglestad Buckley fortel i doktoravhandlinga i frå 1976 at Martha som liten laga skule i eit kratt av amarant (pigweed). Ho rydda noko av ugraset for å gje plass til skulestova. Rundt kateteret som var laga av kvister, stod det igjen enkelte ugrasplantar i ein ring. Desse plantane var elevane hennar.

«Jeg ga navn til noen av dem, og pleide å være ute og undervise dem time etter time. De var alle sammen norske, selvsagt, og de fortalte meg historier på norsk, som var det eneste språket jeg forsto. Jeg kan fremdeles huske noen av historiene jeg fortalte i hemmelighet til mine amarant-elever, og husker at de hadde virkelige plott, med sammenheng i handling og ekte karakter...slik jeg også husker fortellingene mor fortalte oss, i de lange kalde vintrene i Minnesota og Sør-Dakota, vikingesagaene, legender om guder og gudinner, ride på vinden, fortalt med kraften i hennes norske fantasi, røffe og kanskje litt ondskapsfulle, som eventyr ofte er.»[6]

I 1902 tok mor til Martha med seg dottera og reiste til Canada. Der vart dei gjenforeinte med Sjur. Dei neste elleve åra levde familien eit omflakkende liv, og budde på til saman sju ulike stadar i Minnesota og Sør-Dakota. Eit slikt rotlaust tilvære var noko som mange av innvandrarane i USA opplevde. Familien Ostenso levde av Sjur si meieriverksemd, og at Olina tok imot klede til vask. Martha viste tidleg sans for ord og språk. Ho song versa ho hadde laga sjølv, lenge før ho lærte å lese og skrive. Broren Bjarne (Barney) vart fødd i 1903, og yngstebroren Oivind (som fekk kjælenamnet «Spot») vart fødd i 1905.[7]

Rundt 1914-1915 flytta familien til Brandon i den kanadiske provinsen Manitoba. Familien var utan middel, så reisa dit føregjekk i ei godsvogn på jernbana. Allereie før familien flytta til Brandon hadde Martha fått stoff på trykk i avisa; som elleveåring fekk ho åtti cent for kvar spalta ho skrev på ungdomssida til Minneapolis Journal. Ei av notatbøkene hennar indikerer òg at ho vann ein pris for eit dikt, «The Price of War», i Winnipeg Telegram.[8] Som femtenåring vart ho innskriven ved Brandon Collegiate School.[9]

I juni 1917 reiste familien vidare til hovudstaden til provinsen Winnipeg, der faren fekk arbeid ved Dominion Produce Company. Sannsynlegvis tok ho avgangseksamen ved Kelvin Technical High School i 1918, og fekk dermed løyve til å undervisa mellombels. Seinsomaren 1918 fekk ho ei lærarstilling i Hayland i Manitoba. Her budde ho hos Alexander Hay, kona hans og fire barn (to søner og to døtrer). Denne familien og familiane omkring (Sandmoens, Eggertsons, Gudmundsons og Gislassons) var til inspirasjon for ho til romanen Wild Geese, som vart utgjeven i 1925.[8][10]

Lærarkarrieren hennar stansa brått då skulen vart stengd som følgje av eit utbrot av spanskesjuka. Ho vart innskriven ved University of Manitoba i Winnipeg for vårsemesteret 1919. Frå september same år var ho fulltids student og tok ei rekkje kurs i kunstfag. Eitt av kursa var «engelsk prosa» og «engelsk lyrikk». Undervisaren i begge kursa var Douglas Durkin (1884–1967), som seinare blei livspartnaren og den viktigaste rådgjevaren hennar i litterære spørsmål. Våren og sommaren 1920 arbeidde ho som reporter for Winnipeg Free Press, for deretter å halda fram universitetsstudia i Winnipeg same haust.[7] I mellomtida hadde Durkin flytta frå kone og barn i Winnipeg, og teke seg jobb ved Columbia University, der han underviste i «The Technique of the Novel».[11]

Faren Sjur vart i 1932 overkøyrt av ein bil i nærleiken av heimen sin i Wilmar i Minnesota, og døydde av skadane.[12]

Livet med Douglas Durkin[endre | endre wikiteksten]

Douglas Durkin var Martha Ostensos livsledsager i meir enn 40 år. Paret gifta seg ikkje før i 1944.

Hausten 1921 flytta Ostenso til New York, og slutta seg til Durkin der. Dermed byrja eit personleg tilhøve og fagleg samarbeid, som skulle visa seg å vara heilt til ho døydde meir enn førti år seinare. Frå 1921 til 1922 studerte Ostenso litteratur ved Columbia University og følgde Durkin sitt kurs. Det er mogleg at ho allereie på dette tidspunktet hadde byrja å arbeida med sitt mest kjende verk Graagaas (Wild Geese). Ho arbeidde òg som sosialarbeidar i det fattige Reden Hook-distriktet i Brooklyn, men fann ikkje noko å skriva om derfrå. Det fanst ingen kontrastar slik som på prærien, meinte ho. På prærien stod den menneskelege grusomleiken i kontrast til venleiken i naturen. I Rei Hook var alt berre forferdeleg.[7]

I 1921 byrja Ostenso å publisera dikt i tidsskrift som Canadian Magazine of Politics, Art & Literature, American-Scandinavian Review, Literary Digest, Poetry og Voices. Seint i 1923 reiste ho attende til Winnipeg og brukte mesteparten av vinteren på å utarbeida eit første utkast av Graagaas. Våren 1924 reiste ho attende til New York for godt. I 1924 kom den fyrste boka hennar ut, diktsamlinga A Far Land, med førtitre tidlegare utgjevne dikt. Titteldiktet er ei kort, lyrisk skildring av fødeland til Ostenso, Noreg.[7][10]

Den fyrste romanen til Ostenso, Graagaas (Wild Geese), kom ut i 1925, og skulle òg verta hennar mest kjende. Med boka vann ho ein pris på 13 500 dollar for beste debutroman dette året, i konkurranse med 1389 andre romanar.[13] Prisen vart utdelt av tidsskriftet The Pictorial Review, filmselskapet Famous Players-Lasky Corporation og forlagshuset Dodd, Mead & Co.[10][14]

Frå å vera totalt ubemidla, bortsett frå ein bankkonto som inneheldt to dollar, vart ho med prisen den første norsken-amerikanske kvinna som kunne leva av forfattarverksemda si. Ho kunne òg forsørgja den nære slekta si, som på det tidspunktet talte elleve medlemmar.[15]

Sjølv om foreldra hennar hadde fått amerikansk statsborgarskap tidlegare, vart ho ikkje sjølv amerikansk statsborgar før 11. mai 1931. Det er hevda at dette kom av dei sterke kjenslene hennar for fødelandet.[15][16]

Verksemda til Ostenso og Durkin gav store inntekter, Ho tente 30 000 til 40 000 dollar i løpet av eit år. Ho kunne tene frå femten til sekstifem tusen dollar for ei enkelt novelle. Paret eigde ei rekkje luksusbilar, båtar og hus. I 1931 flytta dei til Gull Lake i Minnesota. Dei hadde òg ein bustad i Hollywood, California, der dei vart venner med stjerner som Douglas Fairbanks jr., Mary Pickford og Henry Fonda. Eit dekadent liv førte til at forfattarskapet stagnerte i kvalitet. Ostenso reiste mykje og var tre gongar tilbake i Noreg, blant anna i 1925 og 1931.[17] I 1925 vart ho intervjua av Fjordabladet, og gav uttrykk for at ho ynskte å treffa Knut Hamsun.[11][18][19][20][11]

Ostenso og Durkin gifta seg i 1944 etter at kona hans hadde døydd, og paret slo seg ned til eit roleg liv i Minnesota.[7] I 1963 bestemte dei seg for å flytta til Washington, der dei to sønene til Durkin budde. Reisa vart for mykje for Ostenso, og ho kollapsa på toget. Framme i Seattle vart ho frakta til sjukehus der ho døydde to dagar seinare. Dødsårssaka var skrumplever.[7]

Forfattarskapen[endre | endre wikiteksten]

Illustrasjon og omslagsside på debutromanen «Wild Geese» omsett til norsk som «Graagaas». Illustratør: Charles William Jefferys

Wild Geese (Graagaas), The Young May Moon (Nymåne i mai) og O, River Remember, vert rekna av Stan Atherton som Ostensos beste romanar, der debutboken set eit mønster for dei seinare utgjevingane. Atherton meiner at desse tre av romanane, kor dei to første er omsett til norsk, stadig kan gje lesaren nye opplevingar. I tillegg vert The White Reef (Nona) og The Mandrake Root (Alrune) òg rekna som lesverdige.[7]

Med Wild Geese og The Young May Moon vart Ostenso, særleg i Canada, kjend som grunnleggjaren av «prærierealismen». Atherton held fram at før denne perioden var det få bøker som presenterte ein gjennomført reell og nøyaktig presentasjon av livet i regionen. Det vart skrive ei rekkje bøker om livet på prærien, men det dreidde seg ofte om overdriven romantikk, preikande forteljingar, melodrama og sentimentalitet.[7]

Bøkene til Ostenso har gjerne éin eller fleire skikkelsar henta frå det skandinaviske innvandrarmiljøet. Dei gir lesarane eit realistisk bilete av det harde arbeidet og det einsame livet på landbygda. Dette hadde Ostenso sjølv opplevd under oppveksten i Manitoba og Minnesota. Graagaas skildrar tilhøvet mellom mennesket og naturen, og livet blant pionerane i vesten. Ofte vil ein av romanfigurane – som oftast ein mann – representera ein trussel for ektefellen eller barna sine, som følgje av anten ambisjonane til personen, fedrelandskjærleik eller eit snevert, religiøst perspektiv. Ostenso portretterer òg familiekonfliktar og dei mørke sidene ved kjærleiken. I romanane hennar er hovudpersonane sterke, sjølvstendige kvinner.[1][15][21] Graagaas og The Young Man Moon vert rekna blant dei beste i denne tradisjonen, dette saman med verka til Frederick Philip Grove, blant anna Settlers of the Marsh (1925) og Robert J.C. Stead sin roman Grain (1926).[7][22]

Durkin hadde openberr innverknad på debutboka Wild Geese (Graagaas), men det er uklart kor sterk denne innverknaden var. Ein for sterk medverknad frå Durkin si side ville ha medført at Ostenso ikkje kunne fått debutantprisen. Bror til Martha Ostenso, Barney Ostenso, gav i eit intervju med David Arnason i 1977 uttrykk for at Ostenso hadde skrive det første utkastet og at Durkin deretter omredigerte manuskriptet. Barney Ostenso var på det aktuelle tidspunktet 84 år gammal.[23][24] Ifølgje Athabaska University i Alberta i Canada i 2021 var den gjengse oppfatninga blant kritikarar at debutboka til Ostenso var eit sjølvstendig arbeid. Atherton talar om Martha Ostenso som ein felles signatur for den felles verksemda til dei to forfattarane. Tre tiår seinare skreiv begge under på eit dokument om opphavsrettar, som føresette at Durkin hadde delteke i utforminga av debutromanen, så vel som alt det ho seinare hadde produsert.[11][20][10][14][25]

Produksjonen til Ostenso pågjekk hovudsakleg over to tiår. Den mest produktive tida var frå 1925 til 1935. I denne perioden skreiv ho åtte romanar, der fem gjekk som føljetongar i Pictorial Review, Hearst's International, Cosmopolitan og McCall's. Føljetongen «Changeling Bride» vart publisert i Minneapolis Tribune, og åtte noveller vart gjevne ut i ulike magasin. I perioden frå 1935 til 1946 skreiv ho for det meste noveller. Etter at novellene hadde stått på trykk i eitt tidsskrift, vart dei ofte òg publiserte i andre tidsskrift i USA, Canada, England og Australia. Utgjevingar i magasinet Cosmopolitan nådde åleine ut til ein million lesarar. Bøkene vart omsette til førtifem ulike utgåver i minst ti land, som var Noreg, Sverige, Danmark, Finland, Tyskland, Austerrike, Nederland, Ungarn, Polen og Jugoslavia. Novellene vart òg omsette til like mange språk.[15]

Forfattarskapet var hennar einaste inntekt. For at bøkene skulle seljast, måtte ho halda nærværet sitt i offentlegheita ved like. Pengane frå ei bok vart raskt borte, og ho måtte skunda seg å skriva ei ny. Hovudføremålet med forfattarskapen vart difor å oppretthalda inntektene, noko ho ikkje sette pris på. Det gjaldt ikkje så mykje med romanane som med novellene, som ho skreiv meir av utover i 1930-åra. Men allereie etter å ha skrive Graagaas, uttrykte ho ei viss bekymring: «Eg har måtta arbeidd hardt heile livet, men no veit eg ikkje korleis eg skreiv den romanen. Eg må læra meg å skriva, slik at eg kan skriva ein ny.»[15]

Debutboka til Ostenso var kunstnerisk løfterik og ein formidabel økonomisk suksess. Atherton framheld at dei forventingane som debutboka skapte, ville vore vanskeleg å innfri for nærast einkvar forfattar. Den plutselege rikdomen som følgde med prisen og salet, vart òg eit sjølvstendig hinder for den kunstneriske utviklinga. Familie hennar krevde mykje av henne, og ho venna seg også raskt til eit høgt forbruk. I tillegg var forlaga raske til å krevja nye bøker. I 1943 vart romanen O River, Remember utvald bok i bokklubben Literary Guild, men etter detta rekna Atherton henne utbrend. Det kom fire bøker til i løpet av 1940-åra, blant anna biografien om Elizabeth Kenny. Dei tre romanane Milk Route (1948), The Sunset Tree (1949) og And the Town Talked (1949) tok for seg tema i samtida, men ingen av dei vart store salssuksessar. I den siste romanen frå 1958, A Man Had Tall Sons, vende ho attende til å skriva om livet i Midtvesten før krigen, men dette temaet var publikum ikkje lengre interessert i.[7]

Mottaking i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Ostenso var i 1920- og 1930-åra fleire gonger på listene over bestseljarane i Noreg. Det gjaldt særleg kategorien skjønnlitteratur, men òg i alle sjangrar sett under eitt. Opplagstalet for Graagaas i 1933 med 15 000 eksemplar var det nest høgaste dette året, like høgt som Johan Bojers Huset og havet. Berre Men livet lever av Hamsun, med 27 500 eksemplar, kom i større opplag. I Norsk forskingsråd sin tabell 9 over annonserte opplagstal for alle sjangrar i perioden 1900–1942, er ho nummer 16 på lista. I tabellen er ho likevel oppført med 14 000 eksemplar, altså 1 000 eksemplar lågare enn i årsoppgåva.[26]

Romanen The Geese (norsk tittel Graagaas) vart meldt i Aftanposten i 1925 av Theodor Caspari. The Dark Dawn (norsk tittel Gry) vart meldt av Eivind Berggrav i 1926. Berggrav kritiserte omsetjinga til norsk, og rådde til originalversjonen på engelsk.[27]

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • 1925: Graagaas (Some & Cos Forlag) 6 000 eksemplar
  • 1926: Gry (Some) 10 000 eksemplar
  • 1932: Prolog til kjærlighet (Some) 7 000 eksemplar
  • 1933: Graagaas (Aschehoug) 15 000 eksemplar
  • 1935: Nona (Aschehoug) 4 000 eksemplar
  • 1937: Steinmarken (Aschehoug) 4 000 eksemplar
  • 1939: Alrunen (Aschehoug) 4 000 eksemplar

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Poesi[endre | endre wikiteksten]

  • 1921: «Make Believe», Canadian Magazine of Politics, Science, Art & Literature, nr 57 s. 300 (august).[4]
  • 1922: «Spring Fancy», Canadian Magazine of Politics, Science, Art & Literature nr. 58 (april 1922).[4]
  • 1924: A Far Land, diktsamling. Av innholdet:[28]
    • «An adventure», kom opphavleg ut i Canadian Magazine of Politics, Science, Art & Literature nr. 59, juni 1922 s. 125.[4]
    • «April», kom opphavleg ut i American-Scandinavian Review nr. 11, 1923.[4]
    • «Blue», kom opphavleg ut i American-Scandinavian Review nr. 11, 1923.[4]
    • «Rain From My Window», kom opphavleg ut i American-Scandinavian Review nr. 11, 1923.[4]
    • «Longshore», kom opphavleg ut i Canadian Magazine of Politics, Science, Art & Literature nr. 62 (juni 1923) s. 59.[4]
    • «Before the Storm», kom opphavleg ut i Literary Digest, 15. mars 1924, s. 366.[4]
    • «The Unicorn and the Hippogrif» kom opphavleg ut i Literary Digest 15. mars 1924 s. 36.[4]
    • «Betrothal», kom opphavleg ut i Voices nr. 17 (mai-juni 1924), s 80.[4]
    • «Romance», kom opphavleg ut i Voices nr. 27 (mai-juni 1924), s. 81.[4]
    • «So I Say», kom opphavleg ut i Voices nr. 27 (mai-juni 1924), s. 80.[4]
    • «The Waste-Land», kom opphavleg ut i Poetry nr. 24, (juni 1924), s. 128-129.[4]
    • «The Tramp», kom opphavleg ut i 'American-Scandinavian Review nr. 12 (1924), s. 229.[4]
    • «The Fisherman», kom opphavleg ut i American-Scandinavian Review nr 12 (1924), s 366.[4]
    • «The Witch», kom opphavleg ut i The Saturday Review of Literature, 29. november 1924, side 317.[4]
    • «A Far Land», utkom også i The Nation, 28. januar 1925.[4]
  • «Fancies», Canadian Magazine of Politics, Science, Art & Literature nr. 63, august 1924 s. 232.[4]
  • «Reminder», Pictorial Review nr. 27, (januar 1926), side 42.[4]
  • «Shoe»,Canadian Magazine of Politics, Science, Art & Literature nr. 65, mars 1926 s. 16.[4]
  • «The Wind and the Pool», Pictorial Review nr 28, (november 1926), side 34.[4]
  • «Have Done With Love», Pictorial Review nr 29, (januar 1927), side 29.[4]
  • «Plaint of Dog-Muzzeled», Life, nr 14 (july 1928), side 12.[4]

Romanar[endre | endre wikiteksten]

  • 1925: Wild Geese. Debutroman, Dodd, Mead & Company, New York
  • 1926: The Dark Dawn. Dodd, Mead & Company, New York.
  • 1927: The Mad Carews. Dodd Mead & Company, New York.
    • Norsk tittel: Slegten. Omsett av C. J. Hambro 1927. Some & Co.s forlag.[35][30]
  • 1929: The Young May Moon. Dodd, Mead & Company, New York.
    • Norsk tittel: Nymaane i mai, omsett av C. J. Hambro. Some & Co.s forlag. Opplag 6 000.[36][37][38]
  • 1930: The Waters Under the Earth. Dodd Mead & Company, New York.
    • Norsk tittel: Vandene under jorden. Omsett av C. J. Hambro. Some & Co.s forlag.[39][30]
  • 1931: Prologue to love. Dodd, Mead & Company, New York.
    • Norsk tittel: Prolog til kjærlighet. Omsett av C. J. Hambro (1932). Aschehoug forlag.[40][41][37]
  • 1933: There's Always Another Year. Dodd, Mead & Company, New York.[42] Bernhard Tauchnitz (1934).[43]
  • 1934: The White Reef. Dodd, Mead & Company, New York.
    • Norsk tittel: Nona, omsett 1935 av C. J. Hambro. Aschehoug forlag.[44][37]
  • 1937:The Stone Field. Dodd, Mead & Company, New York.
  • 1938: The Mandrake Root. Dodd, Mead & Company, New York.
  • 1939: Wife In Law. McCall's Magazine.[48]
  • 1942: Love Passed This Way. Dodd, Mead & Company, New York.[49]
  • 1943: O River, Remember! Dodd, Mead & Company, New York.
  • 1948: Milk Route. Dodd, Mead & Company, New York.[49]
  • 1949: The Sunset Tree. Dodd, Mead & Company, New York.[49]
  • 1958: A Man Had Tall Sons. Dodd, Mead & Company, New York.[49]

Filmar og TV-produksjonar etter verka til Ostenso[endre | endre wikiteksten]

  • 1927: Wild Geese, film, USA. Med Russell Simpson (Caleb), Belle Bennett (Amelia Gare), Eve Southern (Judith Gare). Regi: Phil Goldstone.[50][51]
  • 1946: Sister Kenny, film, USA. Med Rosalind Russell (Elisabeth Kenny), Alexander Knox (Dr. McDonnell), Dean Jagger (Kevin Connors). Regi: Dudley Nichols.[52]
  • 1961: Ruf der Wildgänse, austerriksk, basert på «Wild Geese». Med Ewald Balser (Caleb Gare), Heidemarie Hatheyer (Amelia Gare), Marisa Mell (Judith Gare), Brigitte Horney (Fru Sandmo). Regi: Hans Heinrich.[53][54]
  • 2001: After the Harvest, TV-serie, basert på «Wild Geese». Med Sam Shepard (Caleb Gare), Alberta Watson (Amelia Gare), Nadia Litz (Jude Gare).[55][56][57]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Theodor Caspari, 14. november 1925: Melding i Aftenposten av Graagaas.
  • Eivind Berggrav, 1927: Melding av Gry.[58]
  • Baldwin, Charles C, 1930: Martha Ostenso, Daughter of the Vikings.[59]
  • Nan Bentzen Skille, 29. oktober 1980, kronikk i Bergens Tidende: Martha Ostenso - en pionérforfatter.
  • Stan Atherton (1990). Martha Ostenso and Her Works. ECW PRESS. ISBN 1-55022-053-5

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Encyclopedia of the Great Plains | OSTENSO, MARTHA (1900-1963)». Henta 12. april 2020. 
  2. Meyer, Ulla (1943). «Martha Ostenso». Norske kvinner. Jacob Dybwads forlag. s. 147. 
  3. Skille, Nan Bentsen (1981). «Vikingenes datter, valkyrienes mor : En presentasjon av forfatteren Martha Ostenso (1900-1963)». Sirene. 1981 Nr. 1. s. 34. 
  4. 4,00 4,01 4,02 4,03 4,04 4,05 4,06 4,07 4,08 4,09 4,10 4,11 4,12 4,13 4,14 4,15 4,16 4,17 4,18 4,19 4,20 4,21 4,22 4,23 4,24 Naglestad Buckley, Joan (1976). «Chapter One. Life: From the fjords to the prairies.». Martha Ostenso: A critical study of her novels. Graduate College, The University of Iowa, tilgjengelig hos Norwegian-American Historical Association, St. Olaf College Northfield, Minnesota. s. 2, 3, 5, 7, 8, 10, 24, 166. 
  5. «Histreg - Personside». Henta 16. april 2021. 
  6. Naglestad Buckley, Joan (1976). «Chapter One. Life: From the fjords to the prairies.». Martha Ostenso: A critical study of her novels. Graduate College, The University of Iowa, tilgjengelig hos Norwegian-American Historical Association, St. Olaf College Northfield, Minnesota. s. 4. «'I gave names to some of them' she told an interviewer later, 'and used to stay out and teach them for hours at a time. They were all Norwegians, of course, and told me stories in Norwegian, the only language I then knew. I can still remember some of those stories, the life secrets of my pigweed pupils, and know that they had real plots, with coherence of action and fidelity to character ... as I remember the stories Mother used to tell us, in the long cold winters of Minnesota and South Dakota, sagas of the Vikings, legends of gods and goddesses, riding the wind, told with all the vigor of her Norse imagination, harsh and perhaps the least bit cruel, as fairy tales so often are. (Oppgitt kilde: Jean West Maury, 'Martha Ostenso from Norway to America,' Boston Evening Transcript, 6 July 1929, part 6, p. 1.)» 
  7. 7,00 7,01 7,02 7,03 7,04 7,05 7,06 7,07 7,08 7,09 Stan Atherton 1990.
  8. 8,0 8,1 Stan Atherton 1990, s. 2.
  9. Stan Atherton 1990, s. 1.
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 «Martha Ostenso | The Canadian Encyclopedia». 16. desember 2013. Henta 11. april 2020. 
  11. 11,0 11,1 11,2 11,3 «Martha Ostenso» (på engelsk). Henta 13. april 2020. 
  12. Draumen om eit betre liv. Hardangerforl. 2011. s. 43. ISBN 9788291520285. 
  13. «En Kvinde vinder Prisen for "den første Roman"». Nylænde (trykt utg.) : tidsskrift udgivet af Norsk kvindesagsforening. 1927 Vol. 41. Norsk kvindesagsforening. 1927. s. 151. «Som det vil erindres vandt Martha Ostenso i 1925 prisen for den besste "første roman".» 
  14. 14,0 14,1 «Minnesota Author Biographies Project: Martha Ostenso». 26. oktober 2009. Arkivert frå originalen 26. oktober 2009. Henta 11. april 2020. 
  15. 15,0 15,1 15,2 15,3 15,4 «Martha Ostenso: Norwegian-American Immigrant Novelist». The Norwegian-American Historical Association - NAHA. 2016. Arkivert frå originalen 12. april 2020. Henta 12. april 2020. 
  16. «Martha Ostenso» (på engelsk). 2001. Henta 11. april 2020. 
  17. «Nasjonalbiblioteket». Bygdanytt. 12. desember 1980. Henta 21. september 2021. 
  18. «Martha Ostenso». Henta 13. april 2020. 
  19. «Martha Ostenso | The Canadian Encyclopedia». Henta 13. april 2020. 
  20. 20,0 20,1 Hammill, Faye. «Martha Ostenso, Literary History, and the Scandinavian Diaspora». Canadian Literature (på engelsk). Henta 13. april 2020. 
  21. «NAHA // Norwegian-American Studies». Arkivert frå originalen 15. februar 2020. Henta 12. april 2020. 
  22. «Martha Ostenso: Norwegian-American Immigrant Novelist». The Norwegian-American Historical Association - NAHA. 2016. Arkivert frå originalen 12. april 2020. Henta 12. april 2020. 
  23. Stan Atherton 1990, s. 14.
  24. «University of Manitoba - Libraries - David Arnason fonds». Henta 14. september 2021. 
  25. «The Magpie A Novel of Post-War Disillusionment 1923 · Heritage. Introduction.». University of Toronto Press. 1974. Henta 23. april 2020. 
  26. «En Kvinde vinder Prisen for "den første Roman"». Nylænde (trykt utg.) : tidsskrift udgivet af Norsk kvindesagsforening. 1927 Vol. 41. Norsk kvindesagsforening. 1927. s. 151. «Som det vil erindres vandt Martha Ostenso i 1925 prisen for den beste "første roman".» 
  27. Aftenposten nr 576 side 6, aftennummeret, lørdag 14. november 1925.
  28. «A Far Land». www.fadedpage.com. Henta 12. april 2020. 
  29. Ostenso, Martha (1925). Graagaas. Some. 
  30. 30,0 30,1 30,2 30,3 30,4 Sirene. Sirene. 1981. s. 34. 
  31. Samtiden. Aschehoug. 1933. s. 684. 
  32. Bestseljarar. Noregs forskingsråd. 1994. s. 119. ISBN 8212002314. 
  33. Ostenso, Martha (1926). Gry. Some. 
  34. Bestseljarar. Noregs forskingsråd. 1994. s. 119. ISBN 8212002314. 
  35. Ostenso, Martha (1927). Slegten. Some. 
  36. Ostenso, Martha (1929). Nymaane i mai. Some. 
  37. 37,0 37,1 37,2 Meyer, Ulla (1943). Norske kvinner. Jacob Dybwads forlag. s. 147. 
  38. H. Aschehoug & Co.s forlag. Aschehoug. 1947. s. 255. 
  39. Ostenso, Martha (1930). Vandene under jorden. Some. 
  40. Ostenso, Martha (1932). Prolog til kjærlighet. Some. 
  41. «Minnesota Author Biographies Project: Martha Ostenso». web.archive.org. 26. oktober 2009. Arkivert frå originalen 26. oktober 2009. Henta 11. april 2020. 
  42. «There's Always Another Year». www.amazon.com. Henta 14. juli 2020. 
  43. «There's always another Year». www.amazon.com. Henta 14. juli 2020. 
  44. Ostenso, Martha (1935). Nona. Aschehoug. 
  45. Ostenso, Martha (1937). Steinmarken. Aschehoug. 
  46. Ostenso, Martha (1939). Alrune. Aschehoug. 
  47. Bok og bibliotek. ABM-media. 1940. s. 85. 
  48. «Wife In Law». www.fadedpage.com. Henta 12. april 2020. 
  49. 49,0 49,1 49,2 49,3 Joan N. Buckley (2016). «Martha Ostenso: Norwegian-American Immigrant Novelist». The Norwegian-American Historical Association - NAHA. Arkivert frå originalen 12. april 2020. Henta 12. april 2020. 
  50. «Wild Geese». Henta 21. april 2020. 
  51. «Silent Era : Progressive Silent Film List». Henta 13. april 2020. 
  52. «Sister Kenny». Henta 21. april 2020. 
  53. «Ruf der Wildgänse». Henta 21. april 2020. 
  54. «Zweitausendeins. Filmlexikon FILME von A-Z - Ruf der Wildgänse». Henta 22. april 2020. 
  55. «After the Harvest». Henta 13. april 2020. 
  56. «After the Harvest | Sarrazin Couture Entertainment» (på engelsk). Henta 13. april 2020. 
  57. «After the Harvest | Sarrazin Couture Entertainment» (på engelsk). Henta 13. april 2020. 
  58. Kirke og kultur. Universitetsforlaget. 1927. s. 315. 
  59. Historisk tidsskrift. Universitetsforlaget. 1934. s. 344. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Martha Ostenso