Martin Andersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Martin Adolf Andersen (fødd 17. januar 1844) var ein gardbrukar og stortingsmann frå Vestre Toten.

Andersen var son til ein gardbrukar på Vestre Toten. Sjølv gjekk han underoffisersskule, sersjant 1862 og kommandersersjant 1864. I 1868 tok han over farsgarden Tangen og dreiv denne til 1903. Han var i tillegg kontrollør frå 1884, fyrst i Oplandske distrikt, frå 1897 i Akershusiske distrikt og frå 1904 overkontrollør i Bergenske distrikt.

Andersen var medlem av heradsstyret i Toten 1872-1902, ordførar 1872-93. Han var forlikskommissær i 18 år, amtsrevisor 1881-89 og medlem av amtsutvalet 1882-88.

Andersen representerte Kristians amtStortinget i perioden 1889-91. Han var medlem av jarnbanekomiteen, frå 29. mai 1890 også av Lagtinget.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914