Masolino da Panicale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Heilage Anna med Maria og Jesusbarnet, 1425

Tommaso di Cristoforo Fini, fødd rundt 1383 i Panicale og død etter 1440 i 'San Giovanni Valdarno', betre kjend som Masolino da Panicale, var ein italiensk målar under ungrenessansen.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Masolino gjekk sannsynlegvis i lære hos bilethoggaren Lorenzo Ghiberti tidleg i 1400-talet. Masolinos mest omtala verk er freskane i kyrkja Santa Maria del Carmine i Firenze. Desse laga han saman med den 18 år yngre Masaccio året 1425. Trass i aldersskilnaden var det den yngre Masaccio som mest påverka Masolino. Masolino var utdanna i ein gotisk, dekorativ stil som han korkje kunne eller ville frigjere seg frå. Giorgio Vasari omtalar Masolino i kunstnarbiografien sin.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Masolino da Panicale
Wikisource

Originaltekst av Masolino da Panicale ved Wikisource.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]