Masaccio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Treeininga, 1425-28

Tommaso di Ser Giovanni di Simone Guidi Cassai (21. desember 14011428), betre kjend som Masaccio, var den italienske ungrenessansens fremste målar. Han arbeidde i hovudsak i Firenze.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Han var fødd i 'San Giovanni Valdarno' i Toscana. Frå rundt 1422 arbeidde han i Firenze, sidan var han i Roma og laga ein serie med freskar i San Clemente-kyrkja.

Saman med Masolino måla Masaccio i tida 1425-1428 freskane i Santa Maria del Carmine i Firenze med motiv frå apostelen Peter sitt liv. Her måla Masaccio eit hovudverk, fresken Skattemynten. Biletet viser til bibelsoga om då Jesus fortalde apostelen Peter om mynten han skulle finne ein fiskekjeft.

Masaccios braut med den gotiske tradisjonen gjennom å erstatte vidløftig ornamentikk med kvardagslege detaljar og gjennom å la figurane opptre i det ein oppfatta som eit verkeleg rom. Hans realisme og bruken av sentralperspektiv fekk stor innverknad på den komande generasjonen. Han

Han var ein av dei første som måla med sentralperspektiv, og kanskje den aller første som nytta forsvinningspunkt i bileta sine. Det vert hevda at slagskugge ikkje vart brukt i eit måleri før fresken Utdrivinga frå paradiset.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Masaccio

Kjelder[endre | endre wikiteksten]