Materiebølgje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Materiebølgjer er ifølgje ein teori av Louis de Broglie frå 1924 eit fenomen som finst ved rørsle av materielle partiklar. I 1927 påviste Clinton Davisson og George Paget Thomson interferensfenomen ved elektronstrålar som vart reflektert frå metalloverflater og stadfesta med det hypotesen til de Broglie. Teorien er vidareført i formuleringa til Erwin Schrödinger av kvantemekanikken. Ifølgje kvanteteorien kan all materie vise bølgjeegienskapar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Materiebølger. (2009, 14. februar). I Store norske leksikon. Henta 10. november 2013 frå http://snl.no/materieb%C3%B8lger.