George Paget Thomson
| Sir George Paget Thomson | |
| Fødd | 3. mai 1892 Cambridge i England |
|---|---|
| Død | 10. september 1975 (83 år) Cambridge i England |
| Nasjonalitet | Britisk |
| Institusjonar | University of Aberdeen University of Cambridge Imperial College London |
| Alma mater | University of Cambridge |
| Doktorgradsrettleiar | John William Strutt |
| Doktorgradsstudentar | Ishrat Hussain Usmani |
| Kjend for | Elektronavbøying |
| Utmerkingar | Howard N. Potts medalje (1932) Nobelprisen i fysikk (1937) Faradaymedaljen (1960) |
Sir George Paget Thomson (3. mai 1892–10. september 1975) var ein engelsk fysikar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1937 saman med Clinton Joseph Davisson «for den eksperimentelle oppdaginga deira av elektronavbøying i krystall».[1]
Biografi[endre]
Han var i 1922 professor i Aberdeen, og frå 1930 til 1952 ved Imperial College i London. Frå 1952 til 1962 var han master of Corpus Christi College i Cambridge. I 1927-1928 påviste han bøying av elektronstråler i krystall og stadfesta dermed teorien til de Broglie om materiebølgjer. For dette arbeidet fekk han saman med amerikanaren C. J. Davisson Nobelprisen i fysikk for 1937. Thomson vart i 1940 formann for den britiske regjeringa sin første komité for for kjerneenergi, Maud-komiteen, og oppretta samarbeidet med USA om utviklinga av atombomba. I 1946 starta han nokre av dei første forsøka på kontrollert fusjon.
Han var son av fysikaren og nobelprisvinnararen J. J. Thomson.
Prisar (utval)[endre]
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «George Paget Thomson» frå Wikipedia på bokmål, den 21. februar 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Nobelprisen i fysikk 1937 (engelsk). Nobelprize.org. Vitja 22. feb. 2012.
- George Paget Thomson. (27.02.2013) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/George_paget_thomson