Clinton Davisson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Clinton Joseph Davisson
Clinton Davisson.jpg
Clinton Davisson
Fødd 22. oktober 1881
Bloomington i Illinois i USA
Død 1. februar 1958 (76 år)
Charlottesville i Virginia i USA
Nasjonalitet Amerikansk
Område Fysikk
Institusjonar Princeton University
Carnegie Institute of Technology
Bell Labs
Alma mater University of Chicago
Princeton University
Doktorgradsrettleiar Owen Richardson
Kjend for Elektronavbøying
Influerte Joseph A. Becker
William Shockley
Utmerkingar Comstockprisen (1928)
Elliott Cresson-medaljen (1931)
Hughesmedaljen (1935)
Nobelprisen i fysikk (1937)

Clinton Joseph Davisson (fødd 22. oktober 1881 i Bloomington i Illinois, død 1. februar 1958 i Charlottesville i Virginia) var ein amerikansk fysikar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1937 saman med George Paget Thomson «for den eksperimentelle oppdaginga deira av elektronavbøying i krystall».[1]

Han vart utdanna i Chicago og Princeton, og var frå 1911 til 1917 tilsett ved Carnegie Institute of Technology, fram til 1925 i Western Electric Co. og så fram til 1946 i Bell Telephone Laboratory. Han var professor i fysikk ved University of Virginia i 1947–1949.

Davisson fann i 1921 at refleksjonsevnen for elektron frå ein krystall var sterkt avhengig av refleksjonsvinkelen, ein effekt han då ikkje kunne forklare. Etter at Louis de Broglie i 1924 hadde sett fram teorien sin om bølgjenaturen til elektronet og W. M. Elsässer hadde påpeikt at teorien kunne etterprøvast ved å studere interferensfenomen etter refleksjon av elektronstråler frå krystallgitter, fortsette Davisson saman med L. H. Germer sine tidlegare undersøkingar.

Prisar (fysikk)[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nobelprisen i fysikk 1937 (engelsk). Nobelprize.org. Vitja 22. feb. 2012.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Clinton Davisson